1 10 11 12 13 14 15 16 18 19 2 3 5 7 8 9

Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





×

Advarsel

JFolder: :filer: Stien er ikke en mappe. Sti: /home/imslapur/public_html/images/stories/haustpub14
×

Merknad

There was a problem rendering your image gallery. Please make sure that the folder you are using in the Simple Image Gallery plugin tags exists and contains valid image files. The plugin could not locate the folder: images/stories/haustpub14

Rådmannen har lagt fram budsjettforslag der det er forslag om å slå saman rektoren ved Imsland skule og barnehage med Vikedal skule.

Me i FAU ved Imsland skule og barnehage og Imsland grendeutval vil gjerne høyre DI meining om dette. Skal me la dette skje eller skal me jobba for å behalda rektor ved skulen vår?

Budsjetteforslaget finn de her: https://www.vindafjord.kommune.no/siste-nytt/budsjettframlegg.460093.aspx     om lag side 51.

Møt opp på bygdahuset måndag 21.11.16 kl. 20!
Enkel servering 

mvh
FAU ved Imsland skule og barnehage
Imsland grendeutval

.
FaceBook

 

Det blir julegrantenning på Imsland Bygdahus søndag 27. november kl. 13.00.

Det blir sal av risengrynsgraut, kaker og kaffi.

Lisa Marvik og Kamilla Hustveit vil syngja for oss dette året óg! Det blir fleire boder med sal av ulike produkt, korpset spelar, og det blir loddsal med fine gevinstar!
Kanskje kjem nissen til oss dette året óg?

VELKOMMEN!
Helsing Grendautvalet

.
FaceBook

 

Tradisjoner er til for å holdes! Derfor gler eg meg nå til juleverkstad her på låven Hjå oss på Øvregård!

.
FaceBook

Tysdag 8.november kl 19 blir det strikkekveld - oppe på bygdahuset. Alle er velkomne!!!

.
FaceBook

 

Tid: måndag 5. september kl 17.00 – 20.00
Kor: Oppmøte ved Lorthavn, båthavna på Storøynå
Guide: Lars Dalen. Lars er frå Ølensvåg og seier sjølv at han har litt kjennskap til det som veks i naturen, inkludert matsopp.
Ta med: Noko godt til deg sjølv; ein kaffiskvett for eksempel – og litt å eta på. Kanskje ei lita korg i tilfelle du finn sopp…?
Turen er open for alle - menn og kvinner, unge og gamle
Kostnad: Ingentinglaughing

Helsing Imsland Bygdekvinnelag

.
FaceBook

Gudsteneste Imsland kyrkje kl 11.00

Felles start  med informasjon og veghistorie ved Imslandsgarden kl 13.00. 
(Parkering ved bygdahuset eller Imslandsjøen, ca 15 minutt gåtur til Imslandsgarden)

Smårettar anno 1916 langs Ørevikvegen frå kl 13.00 - 15.00
Knokesuppe med grovbrød frå steinovnen på Øvregard
Tørka sild og poteter
Makrell og poteter
Flatbrød, spekemat og poteter
Fløytekolle, sukker og kavring
Havregrynssuppe med saft
20,- pr porsjon

Servering av kaffi og kaker på bedehuset i Imslandssjøen etter vandring langs Ørevikvegen
Jubileumskaka blir tatt fram klokka 15.30
Ordføraren er visstnok glad i kake og har sagt han vil kommalaughing

Historietime med Thomas Finnvik klokka 16.00 - på bedehuset:  Livet ved Imslandssjøen i 1916

Du kan ellers rusle rundt ved Imslandssjøen og sjå deg om - og feks stikka innom Krambua til Teodor og sjå om det går an å få tak i kandissukker eller andre søtsaker!

Alle er velkomne!!!

.
FaceBook

Masse fine bær - amerikanske blåbær - hjå Guri på Hustveit Gard i Imslandlaughing
Sjølvplukk: kroner 50,- pr kg
Henvending: Guri, på tlf 976 12 785

.
FaceBook

Bli med bygdekvinnelaget på tur til Fatet søndag 24.april!

Dette er ein fellestur for alle som har lyst å vera med - små og store - og me kjem til å leggje ut overraskingar og oppgåver langs stien.
Ta med eiga niste, drikke, kaffi etc.  

Me går frå Brattaland klokka 12.00. Det er ca 10 P-plassar oppe ved Brattaland - alternativet er parkering nede og ta beina fatt opp den første kneika. Hugs bompengar kr 20,- viss du skal køyra opp til Brattaland.

Viss du lurer på noko kan du ta kontakt med Bente, tlf 47231735

.
FaceBook

.
FaceBook

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus tysdag 03.02.2015 kl. 19.00.

Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar.
  4. Årsmelding
  5. Rekneskap
  6. Innkomne saker
  7. Val
  8. Ymse

Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar: Sølvi Staurland, nestleiar Berit Haugland, kasserar: Ann Kristin Eikeland, sekretær: Hanne E. Imsland, styremedlem: Margunn Fjetland, Anette Klungtveit og Ann Helen Olsen.
Det blir noko å bita i.

Vel møtt!

.
FaceBook

Torsdag 2.oktober kl 19.30 på bygdahuset

Representantar frå Tysvær Bygdekvinnelag kjem. Desse damene vil fortelja om korleis den yngre generasjon overtok laget fullt og heilt – og om korleis dei nå driv laget på moderne vis.

Dei vil gi råd og tips og dele sine erfaringar.

.
FaceBook

Kryss av i kalenderen! Dette blir kjempegreier.
Klikk på bildet under og sjå plakaten!
{gallery}haustpub14{/gallery}

.
FaceBook

Det er no fire hjertestartarar i Imsland: på nedsida av bygdahuset, på coopen i Kvaløy, ved saga til Lars Berge i Rønnevik og på fiskeanlegget i Vågafossen.

.
FaceBook

Salen skal få nye lys og nytt golv, og tak og vegger skal malast.
Marit var i Haugesund på fredag og mottok kr. 25.000,- frå Haugesund Sparebank til nytt golv. Bilde og meir info finn du på banken si heimeside.

.
FaceBook

 

Hustveit – Rindanuten – Vasstølsvatnet – Hustveit. 2-3 timar

Køyr opp skogsvegen (bomveg) frå Hustveit og parker på opplagsplassen. Her står tavla vår. Følg skogsvegen til høgre. Dette er kommuneturen i år og den er merka heilt opp til Rindanuten med raude stikker.

Når vi kjem opp til den øvste myra, før siste oppstigning til nuten, svingar rundturen vår av til venstre. Her er merka med raude silkeband fram til Vasstølsvatnet. Vi går langs denne myra litt, går opp på fjelldraget og følger dette innover, framom Liabøskaret, vidare langs foten av Dyranibba og ned mot vatnet. Ta dykk tid til å gå ut på fjellknausane og nyt utsikten.

Ved Liabøstølen kjem vi inn på vegen til Myrstøl. Denne er også merka med raude stikker frå opplagsplassen og fram til Myrstøl. Følg stikkene til de ser vatnet og finn dei raude silkesløyfene att. Vi svingar av mot venstre, langs vatnet, over gjerdeklyvaren og ned langs gjerdet der de finn kassen vår. Her er det fint!

Heimturen går tilbake via Liabøstølen. Følg stikkene heilt ned til opplagsplassen. Nydelig tur nedover, delvis langs Hustveitelva.


Øspehompen. 30 min. ein veg.

Start ved Børkjelandsvatnet på tømmerflåta og gå over gjerdeklyvaren. Her er godt merka sti heilt fram til Øspehompen. Dette er eit utsiktspunkt der de har Vindafjorden under dykk.

IKKJE SLEPP UNGANE I FØREVEGEN. DET ER STUPBRATT NED TIL SJØEN.


Skjøljanuten. Tur/retur ca. 2 timar.

Køyr av til venstre før Skjøljabrua på veg innover. Parker her og følg den gamle vegen til Selland eit stykke. Sving til høgre og følg merka løype opp til Skjøljanuten. Turen er merka med raude band.

Alle turane har boks med navnebok. Bøkene blir tatt inn 30.august Det blir trekt ein premie i kvar bok. I tillegg trekkes premie til dei som har gått alle turane.

VIS NATURVET OG TA OMSYN TIL GRUNNEIGERANE OG DEIRA DYR. LUKK GRINDAR OG LE OG HUGS BANDTVANG.

GOD TUR – ALDRI SUR

.
FaceBook

Det vart samla inn kr 6110,50 under fasteaksjonen på tirsdag. Vi takkar bygdefolket for store og små bidrag og takk til konfirmantar og foreldre for innsatsen.
Soknerådet

.
FaceBook

Til lag og organisasjoner i Imsland:

Velkommen frå din forening til orienteringsmøte

Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.
Då treng me DEG med på lag!
Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19.

Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspirator
v/ Elisabeth Nesheim
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

.
FaceBook
Istadenfor å kaste det som blir til overs etter jul, vert du no invitert til julerestebord av Allehånde. Dette blir ein hyggeleg kveld i koseleg vinterstemning.

Ta med deg kjeks, gløgg eller noko anna du har til overs. 
Oppmøte her hjå oss på Rørtveit tysdag 7.januar 2014 kl. 19.30.
påmelding til Dagmar, tlf 94248462
 
Ønskjer alle ei gledeleg jul!
 
Helsing Dagmar
.
FaceBook

Soknerådet legg ut restopplaget av jubileumsboka til sal til rimeleg pris.  Kanskje passande julegåve til vaksne born, tanter eller onklar eller andre med tilknytning til bygda. Finst på lokale butikkar, bank og bokhandlar.
Treng du meir enn ei bok, kan du få eit ennå betre tilbod ved å ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 446.

.
FaceBook

Me har 18.12.13 siste kreativkveld "Vintervakker gjenbruk" kl. 20 her hjå oss på Rørtveit.

Denne kvelden lagar me kreative & fine lysestakar.

Dei kan du ikkje berre bruke til jul - men er fine heile året. 


Eg serverer heimelaga toddy og juletapas. Julestemning er inkludert - surprise-surprise


Har du lyst å vera med? Påmelding innan 17.12.2013
Eg tek 200 kr, dette inkluderer materiell og mat.

Nærmere info: tlf 942 484 62 Helsing Dagmar

.
FaceBook

Allehånde opner døra for første gong onsdag 11. desember 2013 frå kl. 12 - 16.
Kanskje du har lyst & tid til å stikke innom til oss på Rørtveit?

Velkommen til oss !!

Med helsing, Dagmar og Fred 942 484 62

 

.
FaceBook
Då er "Allehånde-mangfoldig flerbruk" klar!!! "Allehånde" står for bruktbua, møteplass, nabokroken.
 
Me har tenkt på ein kreativ temakveld "vakker gjenbruk" fredag 6.12.2013 kl. 20 her hos oss på Rørtveit i kjellaren og lager denne kvelden fine lysestakar.
 
Har du lyst å vera med? Påmelding innan 05.12.2013 kl 14.00.
 
Pris: 200 kr for denne kvelden, inkl. material og litt fingermat :-)
 
VELKOMMEN HOS OSS !!! Nærmere info tlf 942 484 62 Dagmar
 
.
FaceBook

Det vart ein fantastisk triveleg kveld på Øvregard med flotte tre og mosekuler. God julestemning og masse gløgg!

 

.
FaceBook

Fredag 29 nov kl 20 blir det juleverksted på låven hjå oss på Øvregard. Der skal me lage fine juletre av mose. Juletrea er like fine inn som ute. Me skal kose oss med rømmegraut og gløgg. Varmedress passe fint:-).

Det kostar 200,- for heile pakken med mat og materiell. 

Påmelding innan kl 12 fredag 29/11. 

97 118 177 for meir info. Mvh Anita Øvregård

.
FaceBook

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 21.11.2013 kl. 19.30.

Saksliste:

1.    Godkjenning av innkalling og saksliste
2.    Val av møteleiar
3.    Val av 2 til og skriva under i møteboka saman med møteleiar.
4.    Årsmelding
5.    Rekneskap
6.    Hjartestartarkurs- kven skal me sende/vil på kurs?
7.    Innkomne saker
8.    Val
9.    Ymse

Innkomne saker må vera kome til ein i styret 7 dagar før årsmøtet, anten Sølvi Staurland, Elisabeth Staurland, Anita Øvregård, Anette Haugland, Margunn Fjetland, Ann Kristin Eikeland eller Hanne E. Imsland.

Det blir noko og bita i.

Vel møtt!

.
FaceBook

Det var ei koseleg og fin hausttakkegudsteneste søndag 29. sept. Under gudstenesta var der også utdeling av "Mi kyrkjebok" til fire-åringane.

Det var ein flott inngong med barn frå bygda som bar inn frukt og grønsaker frå avlinga i haust. Dei nye konfirmantane tok del i gudstenesta, las forbøna og tende lys.

Kasper Rønnevik og Celine Rønnevik  var fire år og fekk utdelt bok og CD. Lillian Eikeland song med dei og fortalde om boka dei skulle få.

Takk til bygdekvinnelaget som pynta og kom med frukt og grønsaker . Takk også til presten vår Harald Eintveit. Bygdekvinnelaget takkar for pengegåva til misjonsprosjekt dei støttar i Sambolabo,i Kamerun.


Soknerådet

.
FaceBook

Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den "nye" vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.

Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt.  Arbeidet skal vere ferdig i desember.

.
FaceBook

Du har kanskje lagt merke til at det er komme nye fine benker utanfor Bygdahuset?

Bygdahuset har kjøpt inn fleire benker slik at ein no slepp å køyre bygda rundt for å samle isaman når det skal vera store arrangement ved huset. Takk til Tore og Torstein Øvregård som køyrde benkene på plass!

Helsing styret i Imsland Bygdahus

 
 
.
FaceBook

.
FaceBook

Det var folksomt på Kvaløy-kaien i dag, då den årlege fiskekonkurransen gjekk av stabelen.

.
FaceBook

Her finn du oversikt over årets turar, som er merka og tilrettelagt av Imsland Bygdekvinnelag. God tur til Trommenuten, Rindanuten og Hestskar{#emotions_dlg.smile}

 

.
FaceBook

Fredag 31. mai blei den nye sandvolleyballbanen i Imsland opna.
Banen blei påbegynt i 2012 og stod ferdig til vinteren. Flott dugnadsinnsats har gjort at me har fått ein solid bane med internasjonale mål.
Den er på 14x22 meter med sand av topp kvalitet (sanden er lik den  som blei brukt under VM i sandvolley i Stavanger i fjor).
Prislappen blei 125 000 kroner, finansiert med gåver frå Hauk 4H, grendautvalet, FAU , tippemidlar og sjølvsagt dugnadsinnsats:

Tusen takk til Hans  og VMA som hjalp oss med grunnarbeidet, Ole Johan, Magne Egil, Knut Jostein, Tore Ø. og Sverre som kjørte massar og sand, Leif Bjarne som skaffa tømmerstokkane, Tore I., Bjørn, Steinar og Edvind som har hjulpe til med så mangt!
Utan dykkar hjelp hadde me ikkje fått dette til!

Leiar i Hauk 4H, Leiv Vidar Rønnevik, klypte snora og deretter arrangerte Hauk 4H volleyballturnering.
Det var sydenstemning på skuleplassen denne kvelden, - spela berrføtt i kvit sand og 20 grader er absolutt å anbefala!

Nå håpar me at så mange som mogleg vil bruka den nye volleyballbanen og ha mykje glede av den!


Helsing sandvolleyballgruppa:
Svein Cato Birkeland
Linda Nordtveit
Bodil Imsland

.
FaceBook
Med tida 27.15 vart Helge Hummervoll den raskaste Imslandsbuen i år, berre 5.52 bak vinnaren, Anders Aukland.



Kun 4 superlokale sprang løypa rundt vatnet i år: Håvard Ersland kom i mål på tida 30.15, Torjus Imsland sprang på 33.50 og Johannes Staurland på 34.03.
78 stk stillte i barneløpet, som gjekk av stabelen for tredje gong.
742 deltok på løpet totalt.
.
FaceBook


Både private og offentlege vegar i Vindafjord skal få navn.

No ligg det føre eit høyringsutkast som er sendt til uttale. Frist for å komma med merknad og innspel er 11.05.13.

Du finn oversikt over forslaget på heimesida til kommunen.

Kontakt prosjektleiar Berit Hetland (53656563 / 46425445) viss du har spørsmål

.
FaceBook

Jan Nordtveit sitt bilde av Valdemar Svortevik fekk årets einaste gullmedalje i konkurransen Årets fotograf. Les meir og sjå bilde her.

.
FaceBook

.
FaceBook

Grunnen til dette er at innredningsprosessen på loftet likevel skal utføres av dugnadsgjengen som opprinneleg var i gang med arbeidet. Dette skal skje i de nærmeste månedene.

Loftet skal etter planen drives som en del av huset. Når rommet er ferdig innreda planlegges det en offisiell åpning og et allmøte. Der skal alle interessene rundt drifta av loftet samles, en finner ordninger for bruken av rommet, og en starter forhåpentligvis mange aktiviteter.

Som andre deler av bygdahuset vil loftet stå til disposisjon for alle i bygda. Det blir en aldersgrense tilpassa ungdommen og en vaktordning som de voksne brukerene og foreldre av ungdommene skal delta i.

Rommet innredes først og fremst med tanke på ungdom, men det blir muligheter for alle alderstrinn. Rommet skal ha et kjøkken, en sofakrok, ei bokhylle med plass til litteratur, stoler, projektor, lerret og høytalere (kino), et musikkhjørne med en liten scene og noen få instrumenter. Mulige bruksområder er f.eks. møtestad for ungdom, 4H møterom, kinorom, musikkrom, datarom, bibliotek (bøker/blader/filmar), kaffistova, aviskrok.

Styret IBH

.
FaceBook

Fredag arrangerte Hauk 4H karneval på bygdahuset. Stemningen var stor, og huset var fullt av fargerike personar frå 1.klasse og oppover.

Det var sal av pizza, pølser, kaker, brus og godteri, og det var råd å få spå seg, kaste på boksar, tippe antal seigmenn på glas,
anse limbo
og vere med på dansekonkurranse.

Alle såg ut til å kosa seg. Falken 4H frå Vikedal var og inviterte, og 5 derifrå dukka også opp. Det sette me stor pris på!

 

.
FaceBook

Imsland sokneråd har mottatt informasjon om at avdøde Arne Døske har testamentert kr 200.000,- til Imsland kyrkje og kr 200.000,- til Imsland bedehus. Pengane skal setjast på konto og avkastninga  brukast til vedlikehald av kyrkja og av bedehuset.
Arne Døske er son av Syvert og Anna Døske som dreiv butikk ved Imslandsjøen fram til 1970-talet. Han vart gift med Inger, og som nygift bygde han og foreldra ny tomannsbustad ved Imslandsjøen med butikklokale i kjellaren. Begge borna, Syvert og  Christine er fødde her.  Ekteskapet vart oppløyst og familien flytta frå bygda.
Arne reiste tidleg til sjøss og arbeidde som stuert heile livet. Han døydde siste nyttårsafta på tur med hurtigruta, kor han tidlegare hadde jobba i fleire år. Han budde nå i Haugesund. Nyleg gav han også ein million til Redningsselskapet.
Imsland sokneråd vil på vegne av soknet takka Arne Døske og familien for denne fine gåva  og lyser fred over hans minne.

.
FaceBook

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

.
FaceBook

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

.
FaceBook

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

.
FaceBook

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

.
FaceBook

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store møtte opp for å prøva isen, dei fleste hadde skøyter - og dei aller sprekaste hadde seg ein real hockeykamp. FAU selde pølser, kake og varm saft.  Det var rett og slett ein triveleg dag!

Klikk på LES MEIR-knappen for å sjå fleire bilete

.
FaceBook

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store, unge og gamle prøvde isen - dei fleste hadde skøyter - og dei sprekaste tok seg ein real ishockeykamp. FAU selde varm saft, pølser og kake og det var rett og slett ein triveleg dag!

.
FaceBook

Det vert julamøte tysdag 11.desember klokka 18 - 21.

Me startar møtet i barnehagen, der det blir ulike aktivitetar som å laga marsipanfigurar og risbollar. Hugs å ta med kakeboks til dette:-)

Me skal og ha nokre uteaktivitetar, så ta med akebrett/ ski.

Så blir det avslutning i lavoen der det vert servert graut.

Kjekt om du kjem!!!!

Vel møtt. Helsing styret:-)

.
FaceBook

Møte vert halde på Bygdahuset onsdag den 5. desember 2012 kl.1930.

Les innkallinga HER

.
FaceBook

Trykk på LES MEIR-knappen viss du vil lesa årsmeldinga til Grendautvalet

 

.
FaceBook

Bygdekvinnelaget har lagt planar for hausten. Heldigvis inneber det mellom anna kafe på bygdahuset og middagsservering i god gammal stil! Resten av planen finn du ved å trykkje på "Les meir"-lenka.

 

.
FaceBook

Imslandsbuen gjekk "mann av huset" for å få med seg årets store 4H-arrangement, den tradisjonelle haustfesten, som markerer slutten på eit 4H-år. Eit fullsett bygdahus fekk sjå 4H-arane i aksjon på scenen, i eit show som mellom anna inneheld talentkonkurranse og sketsjar med skråblikk på lokale saker:-)

.
FaceBook

4H klubben i Imsland har gleda av å invitera deg til haustfest fredag 19. oktober på Imsland bygdahus.

Vaksne kr 100,- / born kr 50,-

Festen byrjar klokka 19. Utstillingane opnar kl 18.

Det vert underhaldning, utdeling av merke, mat og kaffi.

Alle er hjerteleg velkomne!

Beste helsing Hauk 4H

.
FaceBook

Alle vegar skal få navn og alle hus skal få nummer. Dette er for at utrykningskøyretøy skal finna fram på ein sikker og rask måte.


.
FaceBook

Les om då Imsland Bygdahus blei innvigd i november 1979 i lokalavisa som då hadde namnet "Vindafjordingen" HER

10 årsjubileum blei feira med fest på huset i november 89. HER

Desse utklyppa er tatt vare på og skanna av Per Sigmund Hustoft

.
FaceBook

På Bjortveit er det på tysdagar trening med islandshestar. Her er det mykje fokus på gangarter, noko som er litt spesielt med denne hesterasen. Me er så heldige å få ha Jane Espevold frå Vikedal som instruktør. Ho har mykje å lære jentene.

.
FaceBook

Fredag 18.august var Bjørn Mo, Hilde Bjelland Abelseth, Linda Skaar og 5.-7.klasse frå Imsland skule på elvesafari i Hustveitelva. Før me begynte å gå i elva så måtte me kjøre litt, og så gjekk me litt på ein traktorveg.

Då me starta å vassa nedi vatnet, var det litt kaldt, men etter kvart blei det varmare. Me gjekk nemleg med sko og klede rett uti elva. Det er jo ikkje heilt vanleg når me skal på tur!!Wille syntest ikkje det var kaldt fordi han dykka mest med ein gang han kom uti. Då me hadde gått eit stykke på flaten,  begynte det å bli fleire store , og me måtte klatra. Det var glatt så me måtte passa på kor me sette foten. Då me var halvvegs, tok me oss ein pause og  nokre av oss sumde i vatnet.

.
FaceBook

I fjor deltok 6.klasse ved Imsland Skule i ein fotokonkurranse som Rogaland Skogsselskap arrangerte.

Dei tok bilete med tema "Tre om tre", og etterpå skulle dei skriva ein tekst til bileta.
Torbjørn Mo frå Imsland blei fylkesvinnar, og torsdag fekk skulen besøk av 2 frå Skogselskapet som delte ut ei flott vinnargåve,- eit Canon EOS 1100 D, minne kort, bag og fotostativ.
Dette var ein flott og nyttig premie som heile skulen får glede av! Flott, Torbjørn!!

Hovudmålet med konkurransen var å motivera barn og unge til å bruka skogen og til å forstå skog og natur. Etter premieutdelingen var representantane frå Skogselskapet i Rogaland med på
synfaring i den nye, flotte lavvoen, og dei syntest det var kjempeflott der oppe på lavvoområdet!
Du kan lese om dette på H-avis og

.
FaceBook

Det er fleire som har paint-ball i 4h-oppåve i år, og Cruys har no lyst å samle ein gjeng og reise til Frønsdal aktivitetsgard for å spele i skogsløypene der.

Aktuelle datoar er 1. eller 8. september, alt etter kva dag som passar best.

Det er plass til grupper frå 6 til 14 personar frå 12 år og oppover. Gruppa vert delt inn i 2 lag.

Alle kan bli med, og det er ikkje nødvendig med førehandskunnskap, då alle vil få opplæring. Kyndig personell frå aktivtetsgarden skal vera med under heile kampen. Kampen kan vare opp til 3 timar. Deltakarane fårvutlevert alt nødvendig utstyr, men det er og høve til å bruka sitt eige. (men prisen er den samme).

Pris: 400,- for våpen, fargekuler og instruktør. 50,- for eingongsdress.


Håpar mange hiver seg rundt, og er med på ein real pantball krig i dei
djupe skogane på Frønsdal!

Påmelding til  97 14 77 73 innan 30. august.
Skriv opp kva dato som passar best for deg.

.
FaceBook

Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet. Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme.

Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom med ei framsyning som utforskar omgrepet tid og det å vente. Bli med i eit spanande venteunivers og opplev musikk, dans, teater og installasjon.

Informasjon om tidspunkt, kjøp av billettar mm: suldal.kulturhus.no


.
FaceBook

Tomas11. august feira Tomas Finnvik 75-års dag med ope hus heime på Hyttebøen.
Ordførar Ole Johan Vierdal kom og overrekte denne gjeve utmerkinga.
Han snakka om alt det friviljuge arbeidet Tomas har gjort opp gjennom åra.
Han nemnde blant anna Vindafjordingen, Vindetreet, sogelags- og anna historiearbeid, kyrkjeleg arbeid,
bygdabøkene, politikk og kåseri med meir.
Alle som var til stades applauderte, og tykte dette var vel fortent!
Tomas kunne fortelja at han hadde ei slik medalje i huset frå før, denne var det far til Tomas som hadde gjort seg fortent til.

Mange gjester kom for å gratulera, og desse fekk flott og kjempegod bevertning.
Det starta med heimelage smørgraut, og så fortsette det med smørbrød, lefser, pannekaker, vafler og mange flotte kaker.
Kjøkkensjefen var frå Finnvik, og ho hadde nådd pensjonsalderen for ei god tid sidan...  Ho hadde god kontroll på kjøkkenet, og dette er ikkje dårleg når ein er 90 år og vel så det!
Fleire av gjestene tok ordet, og det var mange gode og fine ord å høyra.  Musikk frå "bedehusauså" (= banjoen)  til Andreas Rosså vart det og!

Det vart ein fin og minnerik dag for både jubilanten og gjestene, og eg er glad for å ha vore med på feiringa!
Til deg Tomas: Gratulera med dagen, medalja og audiensen!! God tur til Oslo!
Lukke til med ulike prosjekt og oppdrag i tida framover!
Klikk på bileta for full storleik.

.
FaceBook

Løpet blei arrangert fredag 20. juli.  210 personar deltok.
128 i mosjonsklassen og 82 i konkurranseklassen.
Vinnaren av herreklassen, Thomas Vestbø  sette ny rekord med tida 21.39. I dameklassen blei det og ny rekord av Maryna Novik  på 26.55.

Les Heile Resultatlista.

http://www.youtube.com/watch?v=IKyytNmjZQ4

.
FaceBook

Bedehusbasaren er ei årviss hending ved Imslandsjøen.
Bedehuset har blitt rusta mykje opp i den siste tida, slikt kostar pengar, og basaren er den viktigaste inntektskjelda.  
Onsdag i sist veke var basarkvelden, og oppslutnaden var overveldande. Fullt hus og vel så det, både bufaste imslandsbuar og feriefolk. Utan å ha talt, vil me tru at dei siste var i fleirtal. Folk i alle aldrar, flest kvinner , men og ein heil flokk karar.
Alt som kunne vinnast var gåver, så det vart eit solid overskot, 22.000 kroner.
Vinstane var varierte, mykje var kjøpte ting, men også ein god del heimelaga, spøtavarer og dukar, mellom anna ein fin og forseggjord juleduk.
Den musikalske underhaldninga sytte  ”Song og spel” frå Vikedal for.
Sokneprest Eintveit hadde lova å halda andakt, men vart hindra av gravferda til ein nær slektning i Bergen. Han sende kona i staden, det kan han trygt gjera ein annan gong og.
Tradisjonen tru vart det servert kaffi, te og saft, og i tillegg mykje god og heimelaga kakemat. Ein vellukka kveld for alle, både dei som vann, og dei som laut gå tomhendte heim.  
To av dei eldste på basaren : Ingebjørg Hustveit, snart 92, og Karen Bratteland 86.

.
FaceBook


Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.

.
FaceBook

Rootsfestivalen startar i dag, torsdag 12. juli, og Imslandsbuen er også i år klar til å servere frukost til festivalgjestene{#emotions_dlg.cool}. Er dette eit fristande tilbod til deg og - sjølv om du kanskje ikkje deltek på festivalen?

Pris: 100,- for vaksne og 50,- for born. Då kan du ete kor mykje du vil! 
Opningstider: Fredag, laurdag og søndag frå 9 - 12
Kor: Båthamna i Vikedal
Betaling: Kontantar eller cashless

 

.
FaceBook

Datoen var 6. juli, veret var storveges og treffet makelaust vellukka.
Det var Jon Rønnevik som hadde ideen, og som saman med brør og foreldre fekk treffet i stand.
Ei av årsakene til at det vart halde nå, var at Leiv Rønnevik rundar år i alle næraste framtid. Ein heldt til i den nye storstova til Lars Berge.
Treffet var slett ikkje for kven som helst. Forutan å vera mann, måtte du ha runda dei sytti, og gått på skulen på Hyttebøen.
14 mann vart me kring langbordet, og stemninga var god og drøset høglydt. Ein hadde meir enn rikeleg å mimra rundt. Gamle bilete frå skulen, var også eit godt utgangspunkt for mange grundige samtalar. ”Kin kan de vara?”
Serveringa var i god og gamal tradisjon: Rømmegraut og spekemat, dravle, lefse og lappar, og til slutt fløytekake.  
Som siste post på programmet synte Lars B Skipevåg gamle bilete frå Vindastrånnå, då var klokka blitt elleve. Ein hadde halde det gåande i seks stive timar, og framleis var mykje udrøst.

Klikk på bileta for full storleik.

.
FaceBook

17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype{#emotions_dlg.wink}

Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.


Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.

.
FaceBook

17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype{#emotions_dlg.wink}

Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.


Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.

.
FaceBook

No kan du gå Eventyrstien i Ølmedal og sjå korleis skule-elevane nytta dei siste formingstimane før sommarferien{#emotions_dlg.cool}

.
FaceBook

Grendautvalet har sendt bilete frå rasteplassen på Ørevikvegen. Lars Staurland har gjort jobben med å fikse rekkverket. Grendautvalet seier at Lars alltid er positiv når dei ber om hjelp, noko dei set svært stor pris på!

Med SMIL-midlar frå kommune/ fylkesmann er det og rydda og utført hogstarbeid ved rasteplassen, slik at utsikten over fjorden no er betre{#emotions_dlg.smile}


.
FaceBook

Påmelding på kaien i Kvaløy kl. 11.00-12.00,
fiske frå Kl. 12.00-14.00. KR. 30,- PR PERSON
PREMIERING.
SALG AV VAFLER OG KAFFE
LYNLOTTERI
LANGÅPENT PÅ COOP {#emotions_dlg.cool}
TA MED BÅTEN OG KOM TIL KVALØY !



.
FaceBook

Førstkommande søndag, 24. juni, vert frisbeegolfturneringa Imsland Open arrangert for andre året på rad. Det føregår i Krutle, og turgåarar må vera litt oppmerksomme når dei ferdast i området på søndag.

Turneringa startar klokka 11.00 og er open for alle{#emotions_dlg.cool}. Det er ei krevande løype og du bør ha på deg godt skotøy, seier arrangørane. Morten kan låne ut frisbee til dei som vil delta.

Spørsmål og påmelding til Morten Svandal: 952 07 657 / Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan laurdag klokka 16.00.

.
FaceBook

Ny flott lavo er no på plass på Lavo-haugen ovanfor skulen. FAU har hatt fleire dugnadskveldar og no byrjar det å ta form! Næringslivet i Imsland har sponsa og planen er å innreie med benkar og skinnfeller, ovn, bålpanne osv.

.
FaceBook

Invitasjon til sommarkveld tysdag 19.juni 2012

Dei siste åra har fau og eininga i lag arrangert ei markering av at skule -og barnehageåret snart er slutt. 
Foreldre, søsken, besteforeldre og andre som ønskjer, er hjarteleg velkomne til å vera med på dette{#emotions_dlg.smile}

Dette året blir programmet slik:

o    Kl.18.00 møtest dei som kan på lavvohaugen for offisiell opning av den flotte, nye lavvoen som fau har fått opp
o    Frå kl.18.30 møtest me på skuleplassen for å:  Gå langs eventyrstien ved vatnet og høyra kunstnarane sjølv (5.-7.kl) fortelja frå eventyra dei har laga skulpturar til
o    Grilla medbrakt mat på grillane som fau har gjort klare
o    Kjøpa kaffi, kaker og lappar frå fau
o    Diverse aktivitetar i regi av fau (rebus, gjetta på non-stop td)
o    Gå innom klasseromma og barnehagen og sjå

o    Ca kl. 19.30 møtest me i det grøne hjørnet for nokre korte innslag

Vel møtt til ein triveleg kveld {#emotions_dlg.smile}

Helsing fau og tilsette i skule og barnehage

Ps. Om vèret blir altfor dårleg, trekkjer me innomhus etter kvart.

.
FaceBook

.
FaceBook

Grendautvalet har denne veka stått på for å gjera det fint i Imsland no før sommaren. Dei har grusa og laga sti, og pynta og planta langs vegen. Det ser flott ut, og bygda er no klar for å ta imot kanskje 1000 gjester i morgon på idrettslaget sitt Ølmedal Rundt-arrangement.


Torstein, Anita, Anja og Sølvi plantar i krukker langs vegen.

.
FaceBook

rna i Imsland barnehage kosar seg i flott sommarvær. Her er S-gjengen på kanotur, og har på seg redningsvestane dei fekk av Marine Harvest.

Det er Hege og Torunn som er med i kanoen, og av borna er det S-gjengen; Beate, Asbjørn, Norma Kristine og Konstanse.

.
FaceBook

Fin og tradisjonell 17.mai-feiring i Imsland i dag. Godt jobba av komiteen som fekk arrangementet i fanget som "julekvelden på kjerringa". Trykk på LES MEIR-knappen så finn du bilete frå feiringa og svar på rebusen.

.
FaceBook

.
FaceBook

.
FaceBook

Tursesongen er i gang og Bygdekvinnelaget har også dette året lagt ut "Nutaturar" for oss. God tur ut!

.
FaceBook

I veka som kjem vert det korpsøving tysdag 8.mai og torsdag 10. mai. Klokka 19.00 begge kveldar.

.
FaceBook

Her er årets konfirmantar i Imsland. Ein flotte gjeng, ikkje sant?
Sermonien vert halden i Imsland kyrkje søndag 29. april klokka 11.00. Gratulerar med dagen!


.
FaceBook

22. - 25. juni  skal det vera fylkesleir i Rogaland 4-H i Julebygda.
Det er for alle frå og med 12 år.

Nytt i år er at på laurdagen skal det vera mange ulike kjekke kurs ein kan melde seg på. Ser veldig kjekt ut!

For nærare info kan ein gå inn på 4-H.norge/rogaland.no  Der står fullt program.


Alle klubbar må ha ein vaksen pr 10 deltakerar, påmeldingfrist er 4. mai.
Ein melder seg på via nettsidene til 4-H.
Me vil gjerne ha tilbakemelding om kven som melder seg på, og om nokon vaksne har mulighet til å vera med. Meld til Anne  Gro (97147773)


.
FaceBook

Bli med bygdekvinnelaget på vårtur til FjørSilkeBris , ein koseleg kafe i Tysvær med eigen ekslusiv butikk; Hjerterom.

Her kan du finne den perfekte gåva, eller kanskje noko til deg sjølv som du ikkje visste at du trengde.
I tillegg har dei no kunstutstilling av Anne-Grete Øygarden. 

Himmelsk buffe inneheld ulike smårettar - og blir servert med varme smil og med tende lys og levande blomar på bordet.

Det bli tid til å rusle rundt og sjå både i butikk og på utstilling før me set oss til bords.

Kor tid: Torsdag 26. april
Oppmøte: ved bygdahuset klokka 17.00 så køyrer me i lag i privatbilar.
Maten vert servert klokka 19.00
Påmelding: På grunn av matserveringa må du melde deg på. Fristen er 20. april.
Pris: Medlemmer kr 250,- / Ikkje medlemmer kr 350,-
Påmelding til Olaug tlf 90978591 eller til Torild tlf 97042213

Alle er velkomne til å bli med på felles hyggestund på FjørSilkeBris!

.
FaceBook

Anita hadde med seg egg, og laga innbakt egg og bondeomelett til store og små!!

.
FaceBook

Tysdag 20.mars arrangerer Hauk 4H tur til Saudahallen med pizza og brus etterpå for alle medlemene!

Avgong frå Imsland bygdahus kl. 16.30 (me satsar på privatbilar), retur frå Sauda omlag klokka 21.00.

Pris: Medlemene betalar sjølv for bading. Hauk 4H spanderar pizza og drikke.

Påmelding: innan fredag 16.mars til Anne Gro (mobil 97147773)

Alle medlemene kan delta!

Bli med då vel, dette blir kjekt!

.
FaceBook

Me hadde Karneval på Bygdahuset på  tysdag, 14.2-2012. Det var kjempe kjekt!
Me hadde litt snacks, pølsa i brød, brus og chips.
Alle hadde kledd seg ut, og når alle hadde kledd seg ut så måtte me jo sjølvsagt ha kåring av beste kostyme.
Fyrsteplass: John Ståle
Andre plass: Oskar
Tredjeplass: Mathias

Men alle hadde gode kostyme.
Dei kunne og bli med på limbo, stolleken og dansekonkuranse.
Kvart på åtte gjekk straumen, men det var kjekkt alika vel.
Her komme det nokon bilder:


Helsing styret i 4H.

.
FaceBook

Planteliv i Vindafjord er tittelen på ei bok som kom ut like før jul. Forfattarane er ølensbuane Lars Dalen og Torstein Haugen.  Boka er på 200 sider og i stort format, så det er ei heilt utruleg mengd opplysningar og ikkje minst fine fotografi som er samla i denne boka. Over 900 ulike plantar har dei funne og registrert. Dette er mest tredjeparten av alle karplantar som er kjende frå heile landet. Dei fleste er villplanter, men også ein del ”hageflyktningar” dei kallar, altså hageplantar som har spreidd seg og nå oppfører seg som villplantar.


.
FaceBook

Det er fleire som sitt med idear om kva dette område kan brukast til. Me har eit ønske om å prøva å samlast i lag for å planlegge uteområde.

Er det nokon som sitt med idear eller har eit ønske om å vare med, vennligst ta kontakt med Willy Skulerud på tlf 52 76 13 15. eller kontakt Elisabeth Staurland via mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

.
FaceBook

Fire hesteførarar møtte til kanefart på søndag: Tjerand og Ola frå Vikedal, Jostein Veim fra Tysvær og Anita Øvregård frå Imsland.

.
FaceBook

Vindafjord IL stiller i år eige stafettlag i NM på ski. Laget består av Thomas Vestbø som startar, Gerhard Steinnes og Jarle Nordtveit Åsheim utgjer resten av laget.

Løpet går av stabelen søndag 29. januar, med start 13.45

Lykke til Jarle og VIL!

.
FaceBook

Eit av slagorda til Sauda skisenter er at "Snøen er for alle!", eit motto 4H-arane gjerne stiller seg bak{#emotions_dlg.cool} . Laurdag 28. januar var det skidag i Hauk 4H, og medlemane kunne velje om dei ville reise til Svandal og køyre slalom, eller skitur på Fjellstøl. Her ser du bilete av alpingjengen:


.
FaceBook

Søndag 29. januar skal det vere kanefart rundt Ølmedalsvatnet. Start ved bygdahuset ca klokka 12.00.
Møt opp så er du kanskje heldig og får sitje på i ein av sledane? Eller du kan gå på ski! Arrangørane har avtalt med brøytemannskapet at vegen ikkje skal brøytast i full bredde på søndag.

Bilistar vert oppfordra til å køyre forsiktig og ta hensyn til følgjet{#emotions_dlg.smile}. Eller aller helst: å la bilen stå i tidsrommet mellom klokka 12.00 - 14.00

Arrangørane oppfordrar alle som har hest og slede til å delta!

Arrangør: Sauda og omland dølahestlag

PS: Værforbehold! For å gjennomføre arrangementet er ein avhengig av meir snø.

Kontaktperson: Anita Øvregård, 97 11 81 77

.
FaceBook

Laurdag 28.januar blir det skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i Hauk 4H. Juniorane får også tilbod om å reisa til Svandal denne dagen, så her er det berre å velge og vrake:-)

Me møtest på bygdahuset klokka 11.30 og kjører samla til Fjellstøl. Bodil og Edvind blir med som "reiseleiarar", men me håpar mange foreldre og sysken blir med slik at me får ein koseleg familiedag i snøen.

Me går ein runde i lysløypa (ikkje langt!) før me rastar utanfor eller inni varmestova (alt etter ver og temperatur).
Etterpå kan dei som vil kosa seg i skiløypene.

Ta med ski, niste, varm drikke og godt humør. Kle deg godt!
Gi beskjed til Bodil (99025829) innan torsdag om du blir med, slik at me kan ordna skyss til alle. Me treng nok fleire sjåførar, så det er flott om fleire foreldre (og sysken) hiv seg med!

Bli med då vel, me tek ut så sant det er snø å gå på;-) Helsing Bodil (mobil 99025829) og Edvind.

.
FaceBook

Jarle Nordtveit Åsheim fekk 2 tredjeplassar i kretsmeisterskapen på ski sist helg i Sirdal. Ragnhild Aarekol (11år) imponerte og med to 2. plassar.

I alt deltok 9 stk frå Vindafjord IL i meisterskapen som gjekk av stabelen på Feed Skiarena på Tonstad. Flott innsats!!!!

.
FaceBook

Vindetreet for 2011 er nå lagt ut for sal i bokhandlar og ein del butikkar og bankar i distriktet.
Dette er den 20. utgåva av sogeskriftet, og dette blir markert med ei  stor jubileumsutgåve på heile 120 sider.  Ein har også prøvd å friske opp layout og biletbruk i skriftet. Det er i år mange gode artiklar frå Imsland.
Framsida er pryda av eit bilete av Imslandkyrkja, og Tomas Finnvik har skrive ein artikkel om kyrkja i høve 150-års jubileet.
Ein har hatt ein serie kor ein har fått folk til å skrive om bygda si, og i år er det Imsland sin tur. Ellen Mo Marvik og Olav Marvik har skrive artikkelen "Kva er Imsland".
Vidare har Oddvar Haugland skrive ein artikkel om sin tidlegare nabo Sven Hustveit.
Gerd Borgny Skipevåg Hanken har skrive om tida ho gjekk på skulen på Hyttebø. 
Ingebrigt Bjelland har skive om si musikalske utvikling frå barndommen i Imsland til han gav ut samlinga
"Folkeleg musikk i Rogaland".
I artikkelen "Karduanbereder Salqvist" har underteikna skrive litt om kva som dukka opp då eg ville undersøkja kvifor bestemor mi Gemelia Hustveit vart døypt med mellomnavna "Schrøder Salkvist". 
Vidare skriv Tomas Finnvik om "rotne revar" i kommunestyret i Imsland.

Hovudartikkelen i år er nok "Skulestriden i Skjold". Bygda vart landskjend i 1953, då ein del av bygda bygde ein ekstra etasje på den nye skulen, medan andre med ordførar i spissen reiv han ned.
Beret Guldberg har også ein interessant artikkel om endringane som har skjedd i Vikedal frå ho først kom der  på 1970 talet til no.

Komplett artikkeloversikt finn du og på nettsida www.vindetreet.com.

Kjøp bladet! Her er mange timar med godt lesestoff!

.
FaceBook

Imsland Grendautval har leigt VMA for å oppdatera sykkelbana, det er Morten Skeie som har laga den og ungane er kjempefornøyde:D


.
FaceBook

Gåver til kyrkjejubilet.

I samband med kyrkjejubileet vart det sendt ut brev til alle husstandar i bygda og til lokale bedrifter og lag med spørsmål om å gi penger til kykjejubileet. I alt kom det her inn kr 130.650,-

Frå 25 private gjevarar kom der inn i alt kr 39.150,-.

Frå laga i bygda fekk me støtte frå:

Imsland bondelag med kr. 40.000,-
Imsland bygdkvinnelag med kr 10.000,-
Imsland bygdeliste med kr 9.000,-
Vindetreet med kr 5.000,-

Desse bedriftene støtta oss med gåver:

Halleraker Rør
Ide totaltrykk, Ølen
Spareland Sauda
Ølen Bok og Papir
SR-bank
Haugesund Sparebank
Imsland Handelslag

Me vil takka alle for gåvene som sette oss i stand til å gi ut jubileumsbok og gjennomføra jubileet på ein fin og verdig måte.

.
FaceBook<