Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar






Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.

I år hadde Imsland bygdahus ansvaret for frukostservering i båthamna og å stille vakter til artistpleien på bygdahuset, i tillegg til ein fast gjeng som er med på rigging før festivalen. Dette inneber at bortimot 50 vakter jobbar som frivillig under Rootsen for bygdahuset, og at ein andel av overskotet frå festivalen vert utbetalt til Imsland bygdahus. I tillegg får vaktene fribillettar til festivalen.

Festivalsjef Kurt Inge Nybru sender ein helsing til Imslandsbuen, takkar for ein god jobb og seier det har vore svært god innsats av kjøkkengjengen! Han håpar me kan stille til neste år og.

Det er fristande å referere følgjande kommentar frå ein av dei involverte i festivalen: - Cateringen på artistpleien var heilt fantastisk i år. Men det er likevel ingenting som sler den frukosten eg fekk servert ned i båthavna!

Vel blåst folkens og takk for innsatsen!


Foto: Trude Enge var sjef på kjøkkenet/ artistpleien i år. Her har ho ein pust i bakken med Terje og Arne før Susanne Sundfør og Sivert Høyem med crew skal serverast middag.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716