Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Du har kanskje lagt merke til at landskapet langs rv 46 har opna seg – og at du ser fjorden og naturen rundt betre enn før?
Bakgrunnen for dette er eit skogryddingsprosjekt som vert drive av Vindafjord kommune. Harald Olav Stuhaug er engasjert som prosjektleiar, og har ansvaret for tildeling og godkjenning av prosjekta.

I statsbudsjettet for 2009 vart det sett av 15 millionar kroner til utsiktsrydding langs veg. Rogaland fekk 900 000 kroner av desse midlane, og kommunane fekk høve til å søke til sine prosjekt. I Vindafjord vart det søkt om støtte til fire prosjekt; 1 på Bjoa, 2 i Sandeid og 1 i Imsland.  Alle desse fekk tildelt midlar og hogstprosjekta er sette igang. Totalt fekk kommunen 250 000 kroner.

Prosjektet i Imsland blir organisert av Hallgeir Rønnevik og føremålet er å rydde utsiktspunkt langs hovudvegen. Det er sett opp ei prioriteringsliste som inneber at tre – fire rasteplassar mellom Ølmedal og Skipavåg, i tillegg til nokre vegstrekningar der skogrydding vil gi betre utsyn over fjorden, vil verta gjennomført – i alle fall så langt økonomien strekk til. 

Arbeidet er godt i gang og vert avslutta tidleg på våren 2010. Stubbane skal sprøytast slik at ein  unngår rask ny gjengroing.

Eit flott fjordlandskap har openbara seg etter at vegstrekning i Kvaløy er rydda.

Normal 0 21 false false false MicrosoftInternetExplorer4

Skogrydding i Imsland

Du har kanskje lagt merke til at landskapet langs rv 46 har opna seg – og at du ser fjorden og naturen rundt betre enn før?

Bakgrunnen for dette er eit skogryddingsprosjekt som vert drive av Vindafjord kommune. Harald Olav Stuhaug er engasjert som prosjektleiar, og har ansvaret for tildeling og godkjenning av prosjekta.

I statsbudsjettet for 2009 vart det sett av 15 millionar kroner til utsiktsrydding langs veg. Rogaland fekk 900 000 kroner av desse midlane, og kommunane fekk høve til å søke til sine prosjekt. I Vindafjord vart det søkt om støtte til fire prosjekt; 1 på Bjoa, 2 i Sandeid og 1 i Imsland.  Alle desse fekk tildelt midlar og hogstprosjekta er sette igang. Totalt fekk kommunen 250 000 kroner.

Prosjektet i Imsland blir gjennomført av Hallgeir Rønnevik og føremålet er å rydde utsiktspunkt langs hovudvegen. Det er sett opp ei prioriteringsliste som inneber at tre – fire rasteplassar mellom Ølmedal og Skipavåg, i tillegg til nokre vegstrekningar der skogrydding vil gi betre utsyn over fjorden, vil verta gjennomført – i alle fall så langt økonomien strekk til.

Arbeidet er godt i gang og vert avslutta tidleg på våren 2010. Stubbane skal sprøytast slik at ein  unngår rask ny gjengroing.

Bildetekst: Eit flott fjordlandskap har openbara seg etter at vegstrekning i Kvaløy er rydda.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716