Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Mathias Rønnevik har saman med klassekameratane sine i 1. og 2. klasse skrive brev på data og sendt på fjorden som flaskepost.

I norsktimen har dei skrive brev med namn, adresse, alder og at dei håpar på svar, og etter å ha teikna fint og putta brevet på ei brusflaske, køyrde dei ned til Imslandssjøen saman med lærar Bodil Imsland og kasta flaskene på sjøen. Så var det berre å venta.

 


 Mathias viser stolt fram brevet han fekk då han sende flaskepost. Bak står kontaktlærar Bodil Imsland.

Mathias slapp å vente lenge! Etter ei veke fekk han eit langt brev frå ei jente frå Nedstrand. Ho heitte Daina og var 5 år. Kjempekjekt å få svar på ein flaskepost, synest Mathias. Han har tenkt å sende svar tilbake, og så har han jo lært at det er nyttig å kunne skriva!
 
Imsland skule prøver i år ut eit nytt opplegg innan lese-og skriveopplæring. Etter modell frå Sverige skal 1.klassingane skriva seg til lesing ved hjelp av pc med talesyntese. Alle bokstavar, ord og setningar som elevane skriv blir opplesne av ein talesyntese på dataen. Blyanten blir lagd vekk og skal ikkje brukast til å skriva med før i 2.klasse.
Ein spennande metode som har gitt svært gode resultat i Sverige. 

Imsland og Skjold er pilotskular i kommunen på dette området, og det blir spennande å sjå om dei andre skulane følgjer etter til neste år. 


 
1.klassingane ved Imsland skule skal læra seg å lesa og skriva ved hjelp av pc. Framme: Torstein Øvregård, Sara Marvik Johansen, Mathias Rønnevik.

Tekst og foto: 1.klasse ved Imsland skule

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716