Sponsorar





Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Velkommen til Imsland

Imsland er bygda som ligg lengst aust i Vindafjord, på grensa mot Suldal. Her bur 304 menneske, med smått og stort. Me bur romsligt, med naturen rett utforbi stoveglaset. Her er mange naturperler, og Imslandsbuen er vel spesielt stolte av den gamle strandstaden Imslandsjøen, som er brukt som motiv i headingen på nettsida. Jord- og skogbruk, havbruk, vasskraft, småskala industri, turisme og servicenæringar er stikkord for næringslivet vårt. Mykje er tufta på fornybare ressursar. Barnehage og skule ligg fint til ved enden av Ølmedalsvatnet, og er ei viktig nerve i bygda. Har me tilbod på fritida? Å jadå. Me har eit blomstrande organisasjonsliv, god dugnadsånd, aktive ungar, naturen og kvarandre!

Foto: Ola Skipevåg


Ølmedal


Skipavåg


Skipavåg


Kvaløy


Imslandsjøen


Imslandsjøen


Hedlestøl


Hustoftvatnet


Ølmedal

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716