Tomas11. august feira Tomas Finnvik 75-års dag med ope hus heime på Hyttebøen.
Ordførar Ole Johan Vierdal kom og overrekte denne gjeve utmerkinga.
Han snakka om alt det friviljuge arbeidet Tomas har gjort opp gjennom åra.
Han nemnde blant anna Vindafjordingen, Vindetreet, sogelags- og anna historiearbeid, kyrkjeleg arbeid,
bygdabøkene, politikk og kåseri med meir.
Alle som var til stades applauderte, og tykte dette var vel fortent!
Tomas kunne fortelja at han hadde ei slik medalje i huset frå før, denne var det far til Tomas som hadde gjort seg fortent til.

Mange gjester kom for å gratulera, og desse fekk flott og kjempegod bevertning.
Det starta med heimelage smørgraut, og så fortsette det med smørbrød, lefser, pannekaker, vafler og mange flotte kaker.
Kjøkkensjefen var frå Finnvik, og ho hadde nådd pensjonsalderen for ei god tid sidan...  Ho hadde god kontroll på kjøkkenet, og dette er ikkje dårleg når ein er 90 år og vel så det!
Fleire av gjestene tok ordet, og det var mange gode og fine ord å høyra.  Musikk frå "bedehusauså" (= banjoen)  til Andreas Rosså vart det og!

Det vart ein fin og minnerik dag for både jubilanten og gjestene, og eg er glad for å ha vore med på feiringa!
Til deg Tomas: Gratulera med dagen, medalja og audiensen!! God tur til Oslo!
Lukke til med ulike prosjekt og oppdrag i tida framover!
Klikk på bileta for full storleik.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716