Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Turen til Myrstøl startar for mange med å svinge opp langs vegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Kjem du nedanfrå, ta av til høgre og inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Køyr til enden av skogsvegen, parker og gå gjennom bom inn på ny skogsveg. Etter om lag 15-20 min, ta av til høgre opp ein kort sideveg, som tek deg til ein godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet møter du ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon 7 sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, teng du ikke vere i tvil. Nyt freden, stilla , nistepakken og evt hjortebrøl i lia om du er her på hausten.

God tur!

Det er no ferdig merka til Sellandsnuten via Hustoftstølen. Turen startar på øvre sida av vegen ved Skipavåg skiltet når ein kjem frå vest.
Det fyrste skiltet ein kjem til er "Skiljeberget". Her kan ein velja å gå eit stykke av turen på skogsveg, dette er litt lenger men ikkje så bratt som den gamle stølsvegen. Frå skogsvegen er det merka ein liten avstikkar til utsiktspunktet "Trommenuten" .
Lenger oppe kan ein gå via "Stolane", her er det og flott utsikt.

Det er merka med skilt, piler, maling og vardar.
Det er og sett opp ein del skilt med navn på plasser oppetter vegen.

GOD TUR !!

Du kan laste ned ein ein pdf som viser nokolunde kor stiane går HER

Lenke til Rogafjell

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716