Fotograf og bonde Jan Nordtveit på Ilstveit i Imsland runda femti år sundag 8. august.

Jan Nordtveit sparka småstein på Tau i Strand kommune i lag med dei to systrene sine. Men i 1978 tok foreldra (Erik og Jenny) med seg heile ungeflokken og reiste til Imsland fordi Ola Ilstveit, onkelen til mora, trong hjelp på garden.
Derfor vart utdanningsvalet lett for Jan. To vintrar på Tveit Jordbrukskule og planlegging av drifta av garden heime på Ilstveit. Med stort pågangsmot og i samarbeid med mora Jenny utvikla dei ei solid gardsdrift med hovudvekt på mjølk og sau.

Jan har vore oppteken av å utvikla og tenkja nytt. Å sitja øvst ved bordet i organisasjonar har ikkje vore hans veg, men han har aldri vore vanskeleg å be om ei beina eller om å vera med i å byggja lokalsamfunnet i Imsland og grendene rundt. Typisk er at han vågar å gjera nye stunt som då han vart med i revymiljøet i Imsland, seinare Vindafjord, tidleg på 80-talet. Rett nok tok han til takke med scenearbeid ved første høve, men seinare kjenner me han frå mange oppsetjingar med den gode karakteren der den gode replikken følgjer.

Å fotografera var ein hobby som mange såg tidleg at Jan likte å dyrka. Den har han våga å utvikla og i dag gjort til næring. Tidlegare visste tankbilsjåføren kor Ilstveit var, i dag er denne geografikunnskapen om kor Ilstveitgarden ligg langt større. Ikkje lenger knytt til mjølk og sau, men ved det å foreviga nokon ein er glad i.

Jan er ein likandes kar som det er lett å bli glad i, og det har nok og vore ei viktig drivkraft i at kua no er bytt ut med fotoapparatet på heiltid. I lag med kona Reidun har dei bygd opp to solide arbeidsplassar på garden der dei bur i lag med dei tre tenåringsgutane sine.

At han no rundar femti viser vel att ved at han tar på seg sykkelutstyr og fer langs vegane i stor fart, truleg for å kompensera for mindre hardt kroppsarbeid på garden.

Tekst: Einar Schibevaag

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716