Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


Trykk på LES MEIR-knappen viss du vil lesa årsmeldinga til Grendautvalet

 

 

Det har vore litt diverse på saklistene til Grendautvalet i løpet av dette året som er gått også.

Me starta året med å gi stønad til den nye lavvoen til skulen & barnehagen : 5000kr.

Og til sandvolleyballbanen på skuleområdet : 10000kr.

Nye oppslagstavler med plexiglass til å ha i Ølmedal og Kvaløy er bestilt fra Sandeid Fengsel, og er under arbeid.

Me søkte kommunen om gatelys og nedsatt fartsgrense rundt Ølmedalsvatnet, men fekk avslag. Gir oss ikkje med det og skal prøva igjen!

I april arrangerte me nok ein gong loppemarked, denne gong på bygdahuset, med stor suksess!! Masse folk møtte og me blei kvitt ALLE loppene, bortsett fra et par fjernsyn.  Dette er ei kjempeinntekt for Grendautvalet! I tilleg til "lopper" blei d salg av heimebakst, noko som var utrulig populært!!

Me har fått "sponsorar" til nettsida imsland.info, der ulike firma er med å betalar drifta av sida, ved å få ha sine logoar med link til bedrifta si innpå der.

I forkant av Ølmedal Rundt og 17. mai pynta me bygda med sommarblomar. Urner og kasser i Skipevåg, Kvaløy og Ølmedal. Hadde "faddere" på dei ulike blomane for å vatna, men dei slapp vel fint unna det i år... Mykje regn!!

Fekk laga sti frå bygdahuset og ned på veien.  Kjørte på med duk og grus, blei kjempebra!

Stabbesteinane ved Ørevikveien har gått tapt.... Desse fekk me Lars Staurland til å erstatta med flott gjerde!

Me har òg samarbeidet med kommunen med å finne vegnavn og husnr til bygda. Innbyggerane kunne komme med sine forslag, dette blei informert om på nettsida.

Nå vil me ha hjertestarterar i bygda!! Søknaden ligger inne, og me har spurt fleire bedrifter om stønad til dette. Mange er svært positive, fleire bedrifter har støtta oss allerede!

I november vart det arrangert bakekurs, der Sigrun Staurland, Audhild Rønnevik og Tora Hustveit lærte villig i fra seg av bakekunstene sine. Dette var populært, og me satse på nytt kurs i andre bakverk neste år.

1.søndag i advent skal me arrangere julegrantenning med sal av graut og pølser, kaffi og kaker + div. Me har også fått tak i fleire som vil stilla ut sine produkt i egne salsboder. Det blir òg loddsal og korpset spelar.

08.11.2012 Marianne Vanvik.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716