Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Ein strålande opplagt Petter Northug gjesta Ølmedal i dag. - Målsetjinga er å klara tida til Odd-Bjørn Hjelmeseth. Klarer eg det og ein tredjeplass er eg strålande fornøgd sa Northug før løpet.

Speaker Tor Øyvind Skeiseid i samtale med Petter Northug.

Vindafjord IL står bak arrangementet, som dreg "fullt hus" i Imsland, år etter år. Lars Olav Larsen er general, og har med seg nokre viktige støttespelarar som stiller opp gong etter gong. 1030 deltakarar stillte til start i år - dei fleste i trimklassen. 162 sprang i aktiv klasse, deriblant fire fastbuande Imslandsbu. Og den aller raskaste Imslandsbuen i år var Helge Hummervoll, 14 år, som  kom inn på ein imponerande 29. plass på tida 26.24.

Raskast av alle var Urigi Buta, som kom i mål på tida 19:56. Petter Northug, med gullmedalje frå OL, kasta glans over arrangementet i Ølmedal. Northug hadde målsetjing om tredje plass, men måtte sjå fire sterke løparar i mål framføre seg, deriblant Ragnar Stølsmark frå Vikedal og 15 år gamle Gaute Kvåle frå Røldal. Northug greidde heller ikkje tida til Odd-Bjørn Hjelmeset, men ville komma attende og prøva igjen. Er det ikkje flott?

Resultatlista finn du på vindafjord-il.no


Imsland Bygdahus stod for matsalet og hadde ein stor dugnadsgjeng i sving. Dei sørga for mat og drikke til omlag 1100 besøkande. 



IceBreakers i aksjon


Og her sit Sigmund -  ein nøgd finansminister  - etter at omsetjinga er rekna isaman.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716