Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


Arbeidet med å innreie rommet over kjøkkenet er i gang. Planen er at allrommet skal nyttast som klubblokale for 4H-gjengen, øvingslokale for musikkinteresserte, ungdomskafe, filmrom og som møteplass for born, ungdom og andre som vil treffast til ulike aktivitetar.

Materialane er komne på plass, og Jarle, Håvard, Bård og Henning har allereie vore i sving med hammar og spiker. 
Første del av jobben er å isolere vegger og tak og kle med gipsplater. Rommet skal mellom anna nyttast som musikkrom, og skal lydisolerast ekstra.

Bruken av allrommet er godkjent av kommunen, men det er stilt krav om at det skal monterast brannstige, slik at vindauge kan nyttast som rømmingsveg.

Viss du vil delta på dugnad – ta kontakt med Terje, som leiar arbeidet.



.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716