Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


Lisa Marvik vart vinnar av årets "spåmann-konkurranse". Lisa hadde rett svar på 5 av spørsmåla og kan inkassere premien; julehefte, mandariner og søtsaker. Gratulerar!

Det var tett i teten, og vinnaren vart kåra ved loddtrekking mellom Gro Anita Imsland, Marianne Vanvik, Oskar, Lisa og Edvind Marvik

 

 

8 stk deltok i tevlinga, som hadde følgjande spørsmål:

1.Det er berre eit par år sidan isen på Byrkjelandsvatnet var meir enn 40 cm tjukk, og låg til slutten av april. Vert det skøyteis på Byrkjelandsvatnet, dvs minimum 15 cm tjukk is dette året?

Svar: Ja, men det var såvidt

2.Kor mange born vert fødde?

Svar: 2 flotte nye Imslandbu vart fødde i 2010

3.Blir kunstgraset lagt i løpet av 2010?

Svar: Nei

4.Kjem det til å regne midtsommar, dvs 23.juni?

Svar: Nei, det var eit strålande vær{#emotions_dlg.cool}

5.Vert Imsland vassverk kommunalt i 2010?

Svar: Nei (men frå 01.01.11 er det kommunalt)

6.Vert allrommet på Bygdahuset ferdigstillt?

Svar: Nei, det er ikkje heilt klart men no nærmar det seg.

7.I november 2009 hadde Imsland.info 1589 besøk. 497 unike brukarar (ulike pc-ar) logga seg inn på nettsida, og opna til saman 8382 sider. Kor mange unike brukarar får me i mars 2010?

Svar: 904
Gro Anita tippa 673 og vart nærmast.

8.Kor mange deltakarar vert det på Ølmedal rundt totalt?

Svar: 1030 stk (Lisa Marvik var nærmast, ho tippa 1000 stk)

9.Kor mange fastbuande imslandsbu spring i aktiv klasse – og kven av dei spring fortast?

Svar:
4 stk: Helge Hummervoll, Håvard Ersland, Bård Ersland og Espen Nordtveit.
Helge Hummervoll sprang fortast - han sprang på tida 26,24!! Det er lynraskt - bra Helge!
Alle utanom Oskar satsa på at Håvard Ersland skulle springa raskast - men Oskar Marvik tippa på Helge og kan inkassere dette poenget.

10.Kva lærarar finn du på lærarrommet hausten 2010?

Svar: Maritha Lindal Haug, Nina Ramsfjell, Bodil Imsland, Ingrid Marie Dale, Hilde Abelseth Bjelland og Bodil Hustveit.
Her fekk alle deltakarane full pott!

11.Kven held 17.mai-talen?

Svar: Nils Erik Eide

 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716