Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Formannskapet handsama i dag saka om eventuell nedleggjing av Imsland og Bjoa skular. Med unntak av Terje Kleiven, H, var det eit samstemt formannskap som avviste rådmannen si innstilling  om vidare utgreiing for å leggje ned skulane.

Det var ikkje stemning for å endre skulestrukturen, men formannskapet gjorde vedtak om at bygdene sjølve må ta eit ansvar for å gjere bygda til ein attraktiv stad å bu, og på denne måten motverke nedgang i folketalet.

{#emotions_dlg.smile}Redaksjonen jublar for vedtaket som vart gjort og er glad for at politikarane ser kor verdifull grendaskulen er! No er det opp til oss å gjera Imsland til ein eindå trivelegare stad å bu.

Formannskapet har fylgjande representantar:
Ordførar Arne Bergsvåg, SP
Varaordførar Marit Aga Hustveit, Ap
Anne Gro Magnus, Sp
Siv Bente Stople Østbø, Sp
Åsmund Kalstveit, Sp
Vidar Samland, Ap
Terje Halleland, Frp
Kjartan Innbjo, Bjoa bygdeliste
Terje Kleiven, H

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716