Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Ei engasjert gruppe har lenge arbeida for å realisera idrettshall for Vikedal, Imsland og Sandeid.  - No er det endelig klart for å setja i gang, seier Nils Erik Eide, som er ein av eldsjelene bak prosjektet.

Økonomi og finansiering

Kostnadane med å byggja idrettshall er berekna til 15 millionar kroner. I tillegg kjem diverse uforutsette utgifter og flytting av grasbana.

Kommunen har gått inn for å støtta prosjektet med 1,5 millionar; 250.000,- i 2010 til flytting av grasbana og 1.250.000,- i 2011. I tillegg vil dei gå inn med 100.000 kroner i året i rentestøtte fram til prosjektet får utbetalt tippemidlar. Kommunen skal og halde fram med å betala utgifter i eksisterande garderobeanlegg (ca 100.000,- per år).

Vikedal Bygdahus er byggherre og blir eigar av hallen. Representantskapet har gått inn for å låna inntil 5,2 millionar + 5 millionar, som tilsvarar det beløpet prosjektet vil få i tippemidlar. (NB: dette skal opp til endeleg vedtak i årsmøtet i Vikedal Bygdahus, 11. februar)

Vindafjord IL skal kvart år bidra med 250.000,- i leige og dugnad.
Haugesund Sparebank har gitt 300.000 kr pluss sponsoravtale på 50.000,- pr år i nokre år framover.

Det er også oppretta ein besteforeldrekonto som er allereie oppi 85.000,-.

Vidare håpar finansgruppa  lag/organisasjonar, næringslivet og husstandane i bygdene vil støtta planane, og vil om ikkje lengje sende ut skriv med prosjektinformasjon og oppmoding om økonomiske bidrag.


Korleis skal imslandsbuen engasjerast i prosjektet?

- Dei skal engasjerast på lik linje med Sandeid – og Vikedalsbuen: dugnad og pengestøtte + dei er representert i viktige verv i finans og byggjekomité, seier Nils Erik. .

Kor tid går de i gang?

- Me satsar på å starte arbeidet med å flytte grasbana nokså snart. Går alt etter planen håpar me på byggjestart til sommaren.

Og kor tid kan me rekne med å ta hallen i bruk?

- Kjem me i gong til sommaren, er det stor sansynlegheit for at hallen står oppe tidleg i 2011. Me får kryssa fingrane for det:-)  Det har vore mange personar involvert allereie. Dei har gjort ein kjempejobb og fortenar ein klapp på skuldra for det gode arbeidet, seier Nils Erik Eide.

Ynskjer du meir informasjon om Idrettshallen kan du gå på Facebook-sida til ”Idrettshall Vikedal, Sandeid og Imsland”.

Teikningar av hallen kan du sjå her: Plan og  Oversyn


.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716