Invitasjon til sommarkveld tysdag 19.juni 2012
Dei siste åra har fau og eininga i lag arrangert ei markering av at skule -og barnehageåret snart er slutt.
Foreldre, søsken, besteforeldre og andre som ønskjer, er hjarteleg velkomne til å vera med på dette
Dette året blir programmet slik:
o Kl.18.00 møtest dei som kan på lavvohaugen for offisiell opning av den flotte, nye lavvoen som fau har fått opp
o Frå kl.18.30 møtest me på skuleplassen for å: Gå langs eventyrstien ved vatnet og høyra kunstnarane sjølv (5.-7.kl) fortelja frå eventyra dei har laga skulpturar til
o Grilla medbrakt mat på grillane som fau har gjort klare
o Kjøpa kaffi, kaker og lappar frå fau
o Diverse aktivitetar i regi av fau (rebus, gjetta på non-stop td)
o Gå innom klasseromma og barnehagen og sjå
o Ca kl. 19.30 møtest me i det grøne hjørnet for nokre korte innslag
Vel møtt til ein triveleg kveld
Helsing fau og tilsette i skule og barnehage
Ps. Om vèret blir altfor dårleg, trekkjer me innomhus etter kvart.
Siste saker Imsland.info
- ÅRSMELDING FOR IMSLAND KYRKJELYD 2018
- Årsmøte Imsland Grendautval
- Folkemøte i Imsland
- Fotograf Jan Nordtveit viser og fortel om bilder han har tatt
- ÅRSMØTE 2019 I IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID SOGELAG
- Tysvær bygdekvinnelag inviterer til treff
- Innkalling til årsmøte 2019 i representantskapet i Imsland Bygdahus S/A
- Nytt frå Hauk 4H
- Damefest 1.februar
- Damefest
Sommaravslutning Imsland skule og barnehage
- Detaljer
- Skrevet av Lasse