Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


I morgon kjem ei busslast med bydamer til Vikedal for å treffa lokale ungkarar. To av ungkarane er frå Vikedal, og den tredje er Imslandsbu.

"Gøy på landet" vert arrangert av TV Norge, Monster Entertainment og Vikedal Utvikling. TV-serien skal sendast til hausten.

I morgon, fredag 27.mai klokka 09.30, kjem bussen med bydamene og stoppar ved kommunehuset. Då startar filminga og ungkarane får møta damene for første gong.

Alle er velkomne til å delta - og Vikedal Utvikling oppfordar bygdefolk til å møta opp og laga skikkeleg folkeliv i bygda. Programmet for dagane filmteamet er i området finn du her: http://www.vikedal.no/wp/

Imsland.info ynskjer ungkarane lukke til - og spesielt vår eigen lokale helt!

PS1: Redaksjonen er interesserte i bilete frå hendinga: e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

PS2: Det er framleis hemmeleg kven deltakarne er, men eit stalltips er at ungkaren frå Imsland har denne utsikta frå stoveglaset sitt:

 

 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716