Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge er 25 år og busett i Ølmedal. Han driv einmannsgruppa SorgSvart på tysk plateselskap. Han er levande oppteken av historie, dette inkluderar også fotball-historie. Og i dag går startskotet for VM i fotball 2010. Her gjev han oss ei vurdering av VM-gruppene.

Sporten som før var ein aktivitet for kameratar etter avslutta arbeid er no blitt forderva av kapitalisme og derav råtne haldningar.
Men ingen kan motseie denne verdsidrettens openbare estetikk, ibuande eleganse og eigenskap til å begeistra?

Etter 80 år i skuggen kom idrettsarrangementet som er rekna som verdas største til det utnytta folkeslagets heimkontinent.
Men vil me endeleg får sjå ein meister frå eit anna kontinent enn Latin Amerika og Europa?
Tvilsamt, det er klart for Fotball VM i Sør-Afrika.

32 av verdas ypperste landslag
møtast til det vi yndar å kalla heiderleg kappestrid. Kor heiderleg den fortsatt er skal vere usagd, men for meg sjølv og andre fotballinteresserte rundt kringom verda kan det ikkje bli mykje betre enn dette. Difor vil eg no ta meg den fridom å vurdera dei forskjellige gruppene og meisterskapen som heilheit; Kva kan me venta oss av laga og spelerane?

Gruppe A reknar eg som den mest opne gruppa
sjølv om mange vil protestera og sei Gruppe G.
Gruppa består av fotballstormakta Frankrike, dei gamle meisterane frå Uruguay, aztekaranes stoltheit Mexico og vertsnasjonen Sør-Afrika.  Den fyrste kampen er mellom Sør-Afrika og Mexico. Opningskampane i VM blir sjeldan noko fyrverki og endar ofte målfattig og uavgjort. Med unntak av dei heilt tidlige meisterskapa der resultata helst minna om heilt andre idrettar grunna formasjonar og spelestil. Men me kan alt i denne kampen få eit inntrykk av korleis Sør-Afrika vil gjere det, eit land som har imponert stort i treningskampane.

Som sagt er denne gruppa heilt open, Uruguay har ein av verdas beste spissduoar, Diego Forlan avgjorde Europa-liga finalen mot Liverpool på eigenhand  og er ein av dei mestskårande spelarane i Europa år etter år. Luis Suarez bøttar inn mål for Ajax i Nederland og blei berre slått av ikkje ukjende Lionel Messi om toppskårartittelen i Europa 2009/2010. Han skåra mindre men vann av den grunn at den spanske ligaen er rekna som mykje sterkare enn den nederlandske.
Om desse to slår til kan Uruguay fort bli den store overraskinga i dette VM og bringa arva etter spelarar som Schiaffino og Miguez,som herja for Uruguay på byrjinga av 50-talet, vidare. Medan Frankrike er ein sovande kjempe som fort kan vakna til liv i eit VM dei strengt talt ikkje burde vere i etter at den sjølvutnemde heidersmannen Thierry Henry forveksla fotball og volleyball i førekant av det avgjerande målet i utslagskampen mot hardt-arbeidande irar. I nauda er det lov å bruka beina i volleyball, men ikkje hendene i fotball. Så då får ein vel årsaka volleyballdommaren frå Sverige for dette misgrepet. Mexico er alltid høgt oppe på lista til FIFA, men det er noko som i hovudsak skuldast svak motstand i området dei tilhøyrer, Mellom-Amerika og Karibien.
Men siger over formsvake Italia i siste treningskamp samt jamne kampar mot Nederland og England fortel oss at me heller ikkje kan utelukka landet som har arrangert to VM-sluttspel ( 1970 og 1986 ).

Vertslandet må ein alltid rekna med i eit VM, det gjeld også Sør-Afrika eller Bafana Bafana som dei kallar seg. Sør-Afrika har dessutan ei imponerande rekkje med kampar utan tap, fordel av heimebane og støyande tilhengerar. Det er verdt å merkja seg at det aldri har skjedd at vertslandet ikkje har kome vidare frå gruppespelet, sjølv ikkje då meisterskapen vart arrangert for fyrste gong i Asia og kor ansvaret var delt mellom, i fotball-samanheng, smågutane Japan og Sør-Korea. Sør-Korea kom tilmed til ein semifinale og enda til slutt på ein særs oppsiktsvekkjande 4.plass.

På grunnlag av dette vil eg føreslå at Uruguay og Sør-Afrika kjem vidare frå gruppe A og eg trur dermed at rettferden til slutt vil innhenta vindrikkarane frå Frankrike som vil gjere skam på Tigana, Platini, Kopa, Fontaine og sjølvaste Jules Rimets og gjer som i 2002, dummar seg ut og ryk ut etter gruppespelet.  Men som sagt, alt kan skje i denne gruppa og Sør-Afrika har så til dei grader historia med seg.

Gruppe B er også prega av uvisse, men ikkje i like stor grad som Gruppe A etter mi meining. Lionel Messi kan gjere som trenaren, Diego Maradonna og ta Argentina til VM-gull på eigenhand eller dei kan setje seg på fyrste flyet heim og starta med krøter på pampasen eller gøyme vekk gamle nazistar som andre argentinarar. VM-kvalifiseringa deira var ei katastrofe som toppa seg med det audmjukande 1-6 tapet for Bolivia i 3600 meters høgde, men ein kan aldri avskriva eit land med så sterke fotball-tradisjonar. Sør-Korea er det ikkje så mykje å sei om, dei fell heilt gjennom med toppen 1 poeng i bagasjen. Hellas med den taktiske meisteren Otto Rehagel i spissen er vanskelege å spå. Dei vann EM for 6 år sidan på ein måte som får vårt eiga landslag til å framstå som sirkusartistar og dei kan fort forsvara seg til ein åttandedels-finale.

Nigeria er som dei fleste afrikanske lag, ubereknelege. Talentet i laget er det ikkje noko å seie på mens organiseringa er meir ymse. Me har venta på Nigeria sidan OL-sigeren i Atlanta i 1996 og dei har fordel av å vere på sitt eige kontinent. Men laget deira har vore sterkare tidlegare. Eg trur dei, saman med Sør-Korea, må gje seg etter gruppespelet, noko som gjer at eg trur Argentina og Hellas blir å sjå vidare i finalespelet.


Den mest opplagde gruppevinnaren finn me tilsynelatande i Gruppe C der England ser ut til å ha vunne i bingo og trekt Slovenia, USA og det laget som var det siste til å kvalifisera seg til VM, Algeria. England skal vinna denne gruppa greitt og me som fylgjer litt med veit at problema deira ikkje starta før dei møter Argentina eller (Vest)Tyskland i finalespelet. Elles er det opent, men etter å ha sett Algeria i Afrikameisterskapen så framstår dei, saman med Egypt som det mest taktiske laget frå kontinentet og trur dei vil få eit ekstra løft og fylgja med England til åttandedelsfinalane.

I Gruppe D der favoritten Tyskland møter Australia, Ghana og Serbia, ser det også ut til at me på papiret har ein opplagd vinnar. Men eg trur denne gruppa er jamnare enn fyrsteinntrykket skulle tilseia. Serbia som er ein av mange "fraksjonar" frå det gamle Jugoslavia har nokre skikkelege stor-spelerar i troppen sin, dei imponerte i kvalifiseringa og vann gruppa si som inneheldt mellom anna Frankrike og Romania. Ghana er ein av dei mange landa som vil nyta fordelen av det å spela på sitt heimkontinent for fyrste gong, men dei mista den store stjerna Michael Essien føre VM og Rosenborgs Anthony Annan er nok langt frå god nok til å fylla rolla hans. Er det det som skal bli utslagsgjevande for det laget, som bak suverene Egypt har flest sigrar i Afrikameisterskapen bak seg? Australia er eit lag ein sjeldan høyrer noko frå men som har vekse dei seinaste 15 åra og fått fram spelerar som Leeds-duoen Harry Kewell og Mark Viduka samt dagens stjerne TIm Cahill. I førre VM så tapte dei åttandedelsfinalen, ufortent i fylgje nokon, 1-0 mot verdsmeistarane frå Italia og dei er i ferd med å bli ein gjengangar i VM. Eg trur Tyskland og Serbia går vidare. Ghana blir med det eit av laga som ikkje klarar å nytta seg av fordelen av å spele på eiga kontinent.

I Gruppe E har me den einaste representanten frå Skandinavia, Danmark og dei som i sine beste stundar speler den vakraste fotballen, Nederland. Desse to blir naturlege favorittar i ei gruppe som også inkluderer løvene frå Kamerun og dei oppofrande asiatarane frå "Solas land" Nippon som deltek i sitt 4. VM på rad. Sjølv om kvalifiseringsgruppa til "landet der nede" ikkje var av dei tøffaste så er det uansett imponerande å gå gjennom med berre sigrar. Nederland som ikkje var noko anna enn ein parantes i internasjonal fotball føre ein mann
med namn Rinus Michels saman med fantastiske talent som Johan Neeskens, Ruud Krol og ikkje minst Johan Cruyff, revolusjonerte fotballen med sin såkalla "total-fotball" på slutten av 60-talet og inni byrjinga av 70-talet. Og kan med rette føyast inni ei eksklusiv rekkje av land som blir rekna som dei beste som aldri har vunne meisterskapen.
Kamerun kan vel seiast å vere det fyrste landet frå Afrika som verkeleg beit frå seg i eit fotball-VM, då dei til tider sjarmerte heile verda med sin entusiastiske og leikne fotball under meisterskapen i Italia i 1990, kor England måtte ha ein Gary Lineker og to straffespark for å slå dei ut. Laget er nok ikkje like sterkt i år, men med ei superstjerne som Samuel Eto`o, erfaringa frå mange meisterskap og som nemnt eit utal gonger før, fordelen av heimkontinent, kan alt skje. Men sjølv kor arrogante danskane kan vere i forhald til fotballkulturen me har her i landet så får me vere så rause og ynskje våre naboar i sør alt vel, så difor både håpar og trur eg at danskane slår fylgje med hollendarane til finalespelet.

Tradisjon tru så har den regjerande meisteren Italia hatt forferdeleg mykje å slite med i oppkøyringa til VM, dårlege resultat og stridigheitar innad i troppen. Men har det stoppa dei frå å lura seg vidare med "catenaccio" og mafiafotball før? Berre sjå tilbake på meisterskapen i 1938 då dei svindla seg vidare frå den fyrste kampen mot olympiameisteren frå 1936, Noreg, etter at dommaren skandalaust nok vinka av Arne Brustad sitt andre mål like før slutt. Stillinga var 1 - 1 og meisterskapsfavoritten Italia var på veg ut av det franske VM`et før det hadde byrja. Politisk sett kunne jo ikkje det forsvarast, og legendariske Piola avgjorde mot eit demoralisert Noreg i ekstraomgangane. Sigeren på heimebane i 1934 treng eg ikkje kommentera eingong. Laget ser i utgangspunktet betraktleg dårlegare ut i 2010 enn kva meisterlaget i 2006 i si tid gjorde. Men for laget som i likheit med Tyskland ikkje er framande for å halta seg vidare frå gruppespelet ser det ikkje direkte mørkt ut med tanke på avansement når ein ser på motstandarane i

Gruppe F:
Me kan ikkje avskriva italienarane denne gong heller, berre hugs VM i 1982 og Paolo Rossi. New Zealand trur eg diverre blir altfor små i dette selskapet. Sjølv med ein imponerande 1 - 0 siger på nøytral-bane mot Serbia i oppkøyringa trur eg dei, som i 1982, ryk på 3 strake tap i gruppespelet. Medan nykommarane Slovakia samt travarane Paraguay kjempar om å koma seg vidare saman med Italia. Mitt tips er at Paraguay gjer som i 86, 98 og 2002 og tar seg vidare, mest grunna erfaringa dei har opparbeida seg dei siste 25 åra.

I alle VM har me noko som journalistane yndar å kalla "daudens gruppe". Gruppe G er i så måte ei slik ei. Med 3 lag som ikkje hadde vore unaturlege i ein semifinale.
Nord-Korea er nok den alle forventar på siste plass. Men koreanarane har skapt miraklar før. Einkvan som kan sin VM-historie veit kva som skjedde i 1966 då dei små asiatarane utruleg nok hadde tatt seg til ein kvartfinale og sendt heim både Italia og bronsevinnarane frå 1962, Chile. Og der dei held fram med å sjokkera ei heil fotballverd med å rundspela verdstjerner, Portugal denne gongen, og leda heile 3 - 0 etter 25 minutt! Men toppskåraren frå 1966 ( 9 mål ),Eusebio, redda portugisarane med 4 mål på ein knapp halvtime og slo dei til slutt 5 - 3. Kanskje me ei heller denne gong skal undervurdera moralen til Kim Jong-il`s gutar?
Men realistisk sett skal dette bli eit oppgjer mellom tungvektarane Brasil, Portugal og ikkje minst Elfenbeinskysten. Sistnemde blei ulukksaleg nok råka for det "verste" som kunne skje dei før VM, då deira spydspiss Didier Drogba, som har utrulege 41 mål på 60 landskampar, braut armen i ein treningskamp mot Japan nyleg. Men du verda, det manglar fortsatt ikkje på storspelerar i troppen. Problemet deira kan kanskje bli innstillinga, noko me fekk prov på då dei rauk ut i kvartfinalen mot Algeria i Afrikameisterskapen
tidlegare i år. Portugal, dei gamle oppdagaranes heimland, blir naturleg nok å rekne med. Dei enda på 4 plass i føregåande VM og har ein stall som kan skremma nokon og einkvan.
Brasil treng ikkje noko nærmare presentasjon, dei har berre med å ta opp arva etter dei gamle meistrane frå 1958, 62, 70, 94 og 2002. Noko anna vil alltid vere ein fiasko jamgodt med eit norsk stafettlag utan gull i vinter-OL. Eg trur dei går vidare saman med Portugal. Drogbas skade og deira manglande audmjukheit for oppgåva trur eg blir Elfenbeinskystens bane denne gongen, diverre for det afrikanske kontinent.

Spania blir av mange rekna som favoritt til å ta det heile heim, og det er jo til å forstå. Men spanjolane har ikkje for vane å finna seg til rette i meisterskap på tross av at dei fleire gonger har hatt eit blendande mannskap. Faktisk er deira einaste triumfar kome i EM. På heimebane i 1964 anført av Gento, Suarez og den legendariske Puskas som forsvann frå sitt Ungarn under hendingane i 1956 og teikna spansk statsborgarskap. Og seinast i 2008. I VM-samanheng har dei berre ein 4-plass å lena seg på, tatt på obskurt
vis under sluttspelet i Brasil i 1950 kvar det heile blei avgjort med eit finalegruppespel i stadenfor ein vanleg finale. Sjølv på heimebane i 1982 gjekk dei ut etter det andre gruppespelet. Kan spanjolane endeleg bryta dei "vonde" VM-tradisjonane i år? Det er ikkje godt å sei, men at dei skal vinne denne gruppa beståande av Honduras, Chile og Sveits er det vel inga tvil om. Honduras som kvalifiserte seg til VM som 3 lag frå den relativt enkle CONCACAF-gruppa bekler nok den siste plassen. Medan anten Chile eller Sveits slår fylgje med Spania vidare. Chile slåst seg nærmast til ein bronse på heimebane i 1962 og deltek jamnt i VM. Vertsnasjonen frå 1954, Sveits, har æra av å ha delteke i det mest målrike oppgjere i Fotball-VM`s historie. Men diverre måtte dei sjå seg slått av naboane Austerrike i sitt eiga VM, utrulege 7 - 5 stoppa laga på. Chile kjem med eit ungt lag som har sterke resultat i treningskampane og som eg trur tar plassen bak Spania.

Dette var ikkje noko anna enn ei heilt enkel vurdering av VM-gruppene frå ein heilt enkel landsens gut. Korleis det går vidare ynskjer eg ikkje å ha ei formeining om. Men verdt å nemne er at me aldri nokon gong har hatt ein VM-finale utan dei 4 store, Brasil, (Vest) Tyskland, Argentina eller Italia. Og det vil forundra meg særs mykje om ikkje minst ein av desse står igjen i ein VM-finale. Og det er berre 2 lag som har vunne VM ein gong; England i 1966 og Frankrike i 1998, båe på heimebane. Brasil er også det einaste laget som har vunne meisterskapen utanføre sitt eige kontinent. I Sverige 1958 og i Japan/Sør-Korea 2002. Det er med andre ord tid for eit oppgjer med statistikkar i sumar.





.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716