Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Planteliv i Vindafjord er tittelen på ei bok som kom ut like før jul. Forfattarane er ølensbuane Lars Dalen og Torstein Haugen.  Boka er på 200 sider og i stort format, så det er ei heilt utruleg mengd opplysningar og ikkje minst fine fotografi som er samla i denne boka. Over 900 ulike plantar har dei funne og registrert. Dette er mest tredjeparten av alle karplantar som er kjende frå heile landet. Dei fleste er villplanter, men også ein del ”hageflyktningar” dei kallar, altså hageplantar som har spreidd seg og nå oppfører seg som villplantar.



Ingen flora

Planteliv i Vindafjord er ikkje ei bok til å bla opp i om ein leitar etter namnet på ein ukjend plante. Ho er ei registrering av alt dei har funne på alle sine mange turar kring i kommunen. Ein kan vera tolleg sikker på at når ein finn ein ukjend plante, så er han omtala i denne boka. Men bilete er det berre av eit utval plantar. I føreordet rår forfattarane til at ein held seg til Lid og Lid: Norsk flora (2005) når ein leitar etter namn og andre opplysningar om plantar ein ikkje kjenner.

Svært mange plantar frå Imsland
Det er særleg tre plassar i Imsland dei har funne mange sjeldne plantar, i Kvaløy, i området kring Aksland og på og rundt Kaldanuten. På det vesle neset mellom fastlandet og Litløynå, vest for vegen til Storøynå fann dei ikkje mindre enn seks ulike slag orkidear, ein av dei, Nattfiol, har dei ikkje funne andre stader i kommunen. På nordsida av Kvaløysundet lever det og mange spesielle plantar, her er det næringsrik fjellgrunn, som skaper gode vekstvilkår for sjeldne og kravstore plantar. Her veks mellom anna Kyståkermåne, ein plante som heller ikkje er kjend frå andre stader i kommunen. Oppe i Kvaløystien, veks Svarterteknopp, den har ein også berre funne her. Fjellplantar finn ein flest artar av kring Kaldanuten. Særleg i vestre enden er det eit rikt og variert planteliv. Under Akslandsnuten finn ein og mange av dei same plantane, medan det under Sellandsnuten er eit mykje magrare utval. Men den norske nasjonalblomen, Bergfrue, finn ein på alle desse tre plassane. Den velkjende fjellplanten Reinrose hadde forfattarane tidlegare berre funne i Buskår, Ølensvåg, men er nå også funnen på Hedlehaug.

Rikast planteliv i indre delar av kommunen
Utanom  stadene i Imsland som tidlegare er nemnde, er det stor artsrikdom i Hogganvik, og særleg i Vikedalsosen og i lia mellom Vikedal og Sandeid. Det er mykje rikt og vakkert  planteliv å gle seg over i nærområdet vårt. Når våren kjem og bakkane grønkar, er det ein god ide å ha flora i sekken når du er på tur.

Tekst og foto: Tomas Finnvik

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716