Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Etter ei stund  fann me jettegrytene som me leita etter. Me  klatra opp til dei .  Dei som ville fekk lov til å klatra ned i ei jettegryte. Bjørn og Hilde hjelpte oss ned, og så gjekk me opp i ei anna smal og trong  jettegryte. Linda hjelpte oss opp til overflata igjen. Me gjekk litt til før me stoppa igjen, og då såg me ein hoggorm som gøymde seg under nokre greiner. Han var ikkje god å sjå fordi han gjekk slik i eitt med fargane i naturen. Ved sida av der hoggormen låg  var det ei stor jettegryte. Dei som ville kunne ,,hoppe strikk’’ nedi den. Då var det Bjørn som haldt oss i armane,og heiste oss opp og ned. Torbjørn var den einaste som ville. Han spratt opp og ned som ei kanin.
Då me kom til  toppen på elva , bada eg ,Nina og Leiv Vidar, medan dei andre åt nista  og turgodtet sitt. Det smakte godt med  mat etter den friske dukkerten. Då  me hadde ete, tok me på oss tørre gensarar, og tutla  oss vidare  opp til Vasstølsvatnet. På vegen opp  såg me 2 maurtuer, og dei var plasserte på sørsida av trea. Då visste me kva retning  Stavanger var! Då me kom fram til Vasstølsvatnet,  bada  fleire av oss endå ein gong.
Kjekk tur som eg vil anbefala andre folk å gå!  Ungar må gå denne turen saman med vaksne.

Helsing
Merete Imsland Birkeland
Elev i 6. klasse på Imsland skule

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716