Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Bedehusbasaren er ei årviss hending ved Imslandsjøen.
Bedehuset har blitt rusta mykje opp i den siste tida, slikt kostar pengar, og basaren er den viktigaste inntektskjelda.  
Onsdag i sist veke var basarkvelden, og oppslutnaden var overveldande. Fullt hus og vel så det, både bufaste imslandsbuar og feriefolk. Utan å ha talt, vil me tru at dei siste var i fleirtal. Folk i alle aldrar, flest kvinner , men og ein heil flokk karar.
Alt som kunne vinnast var gåver, så det vart eit solid overskot, 22.000 kroner.
Vinstane var varierte, mykje var kjøpte ting, men også ein god del heimelaga, spøtavarer og dukar, mellom anna ein fin og forseggjord juleduk.
Den musikalske underhaldninga sytte  ”Song og spel” frå Vikedal for.
Sokneprest Eintveit hadde lova å halda andakt, men vart hindra av gravferda til ein nær slektning i Bergen. Han sende kona i staden, det kan han trygt gjera ein annan gong og.
Tradisjonen tru vart det servert kaffi, te og saft, og i tillegg mykje god og heimelaga kakemat. Ein vellukka kveld for alle, både dei som vann, og dei som laut gå tomhendte heim.  
To av dei eldste på basaren : Ingebjørg Hustveit, snart 92, og Karen Bratteland 86.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716