Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Omlag 8000 besøkte Rootsfestivalen i Vikedal dette året, og fekk servert ei rekkje strålande musikkopplevingar. Dubliners og Marit Larsen trekte eit par tusen tilskodarar fredagskvelden, medan omlag 4000 høyrde Jethro Tull og Minor Majority i hovudteltet laurdagskvelden. Mange hadde og funne vegen til båthamna fredag og spesielt laurdag føremiddag, der mellom andre Jonas Fjeld, Valkyrien Allstar og Tønes spelte for eit tallrikt publikum som koste seg i teltet og i sommarsola utanfor.

Meir om festivalen finn du i Grannar og i  Haugesund Avis.

Rootsfrukost
Festivalsjef Kurt Inge Nybru er svært nøgd etter årets festival og seier at alt har fungert godt.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum på at sanitæranlegg, billettar og matservering fungerer. Spesielt populært er frukosten kvar morgon, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru til Haugesunds avis.

Det er Imsland bygdahus som syter for at festivalgjestene får ein god start på dagen. Det vert servert Rootsfrukost i båthamna fredag, laurdag og søndag medan festivalen pågår. Omlag 350 gjester nyttar seg av tilbodet, som mellom anna består av grovt brød, rundstykker, brun ost, sild, grønsaker og ikkje minst egg og bacon - så mykje du klarer å eta.



15 imslandsbu har vore i sving i båthamna i Vikedal, og søndag morgon var det Turid Rønnevik, Torunn Imsland,  Gro Anita Imsland, Hege Birkeland, Anette Birkeland, Inger Linn Imsland og Bente Kjos-Wenjum som var tidleg på beina for å dekka bordet til Roots-gjestene.

Imsland Bygdahus er ein av totalt 9 partar som er med i Vaktkompaniet, som mellom anna syter for at festivaldeltakarane får servert mat og drikke medan dei er i Vikedal. I tillegg har Vaktkompaniet oppgåver som rigging av telt og scene, rydding og vask, vakthald, artistpleie og transport. Det økonomiske resultatet av festivalen avgjer kor mykje dei ulike organisasjonane får betalt for jobben.

 


.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716