Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


- Det var eit veldig kjekt løp å gå, sjølv om føret og veret var ganske tungt. Det skifta mellom vind, regn og skodda oppe på heia. Eg har aldri gått så langt som dette, så det var ein veldig kjekk oppleving å prøve seg på 5-mila, seier Jarle Nordtveit Åsheim, etter at han har fått igjen pusten etter styrkeprøven. 

 

Jarle Nordtveit Åsheim går første året på Sirdal vidaregåande skule, på langrennslinja, og deltok på Sesilåmi ilag med fleire av klassekameratane. Han går for Vindafjord IL/ Sirdal vgs og kom inn på tida 3:34:24.  Han hadde sett seg som mål å fullføre på mellom 3 t og 30 min og 3 t og 40 min.

- Det gjekk tyngre enn forventa på grunn av klisterføre og plussgrader. På eit slikt føre får ein ingen ting gratis frå underlaget, så eg måtte disponere kreftene rett. Eg haldt eit jevnt tempo fra start til mål. Heldigvis slapp eg å smørje om på fjellet og hadde greie ski heile løpet, seier Jarle, som vart nr 10 av 69 startande i klassen M17-18.

Sesilåmi gjekk av stabelen laurdag 2. april og er for mange, både mosjonistar og aktive, eit av dei store måla i sesongen. Sesilåmi er eit 52 km langt løp, der ein går på høgfjellet mellom Setesdal til Sirdal. Med om lag 2500 startande er Sesilåmi regionens største skirenn.  
   
Skisesongen for i år er nesten ferdig, berre Haukelirennet gjenstår. I løpet av sesongen har Jarle også vore med i NM for juniorar i Trondheim, delteke  på Norgescup på Beitostølen og på Liatoppen.

Kjelde: www.sesilami.no
Bilder frå Sesilåmi, mellom andre 2 bilde av Jarle rett etter målpassering finn du her: http://www.sesilami.no/?p=693

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716