Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsama
biskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mange
gudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.


Ein har sikkert sett at dette har vore framme i media dei siste dagane, då
det jamt over er ein reduksjon i antal gudstenester, somme stader ein stor
reduksjon.
Reduksjonen hos oss er ikkje så stor. Soknerådet vil likevel saman med
Vikedal og Sandeid foreslå ein auke i antall gudstenester i forhold til
forslaget.

Under 'Soknerådet si side' kan du sjå det opprinnelege forslaget, og
soknerådet sitt forslag
. Du kan også sjå ei grunngjeving soknepresten har
skrive
.(Når det gjeld forslaget frå Vikedal og Sandeid er ikkje dei ferdig
handsama, slik at ein må ta atterhald om endringar her.)

I soknemøtet den 24. okt. kan ein koma med andre framlegg, og ein vil røysta
over dei ulike framlegga.

Soknerådet

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716