Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Ingrid Marie Dale (52 år), superfrisk lærar på Imsland skule, overnatta i snøhole utanfor skulen.


Elevane på skulen laga ei stor snøhole som dei utfordra læraren sin til å overnatta i. Ingrid Marie bur i Gjerdesdalen i Vats og har tidlegar synt seg å vera ein skikkeleg friskus. Nyleg overnatta ho på ein holme ute på vatnet under open himmel. Då ho la seg var det stjerneklart og nydeleg vær. Kan hende Ingrid Marie var litt overraska då ho vakna med  snø oppå seg utpå natta? Det hindra ho i alle fall ikkje i å laga seg gapahuk som ho overnatta i neste natt.

Då Ingrid Marie sov i snøhola ved skulen fekk ho besøk om kvelden av ei mor og dotter hennar, Gro-Anita og Liva, som hadde fått nyssen i dette. Dei besøkte holebuaren og baud på varm kakao, som truleg varma godt.

Erik Nordtveit Åsheim og Kamilla Hustveit er ofte dei første elevane som kjem til skulen om morgonen. Dei vart nokså overraska då dei såg at ho framleis sov godt i hola si. Heldigvis fekk dei vekt henne slik at ho nådde 1.time!


Tekst og foto: Elevar og lærarar på Imsland skule



Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716