Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Det var "tjokfullt" av folk då Krambua opna dørene himmelspretten.Butikken var fyllt opp med allslags lopper, og her var noko for einkvar smak.

Lefser, potetkaker, kanelbollar og anna freistande heimebakst fekk og bein å gå på, og folk koste seg ilag inne i kafe-kroken eller på uterestauranten.

Det vart og føreteke offisiell opning av STIEN. Harald Olav Stuhaug frå Vindafjord kommune og Anita Øvregård frå grendeutvalet klypte snora. Kommunen har støtta prosjektet med SMIL-midlar, og Stuhaug meinte dette var eit svært vellykka prosjekt. Han drog fram kor viktig det var at Anita og grendeutvalet hadde tatt tak i prosjektet og at dei hadde stått løpet heilt ut.

Brua er laga av Svein Cato Birkeland. - Skikkeleg handverk og ei lita perle i seg sjølv, sa frammøtte bygdefolk.

 

No livnar det i lundar frå eit sporty aspirantkorps

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716