Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Haustfesten er kvelden der 4H-medlemane inviterer slekt og venner, kjende og ukjende, til å komme og markere slutten på 4H-året.  Utstilling av prosjekt, mat, lotteri og underholdning stod på programmet, alt i regi av medlemane sjølve.  Fredag var det fullt hus på bygdahuset, og 4H-arane kan puste ut etter VEL BLÅST haustfest,-)


Oskar og Eivind studerer utstillingane. Kanskje vil dei byrje i 4H og lage utstilling sjølve neste år?

 

 

Hauk 4H har 30 medlemar i alderen 10 - 17 år, og det er stor variasjon i val av oppgåve: dyr av mange slag, form og fantasi, scrapbooking, fiske, musikk, vennene mine, broren min, mat, teikning, lær å bruke motorsag, skogplanting, eg pussar opp rommet mitt, mat på gamlemåten, foto, trearbeid og baking er noko av det medlemane i Imsland har jobba med i år. Årsmeldingen viser at 2010 har vore eit år med mykje aktivitet.

Kristine har hatt mat som oppgåve dette året.

Cruys og Ola har samarbeida om oppgåva fisking.

Åse, Liv Iren og Anita studerer utstillingar. Her er Bjørn Tore si oppgåve Lær å bruke motorsag fremst i bildet.

4H-løftet: Klårt hovud, varmt hjarta, flinke hender, god helsa.  Jess! Dette lovar bra for framtida{#emotions_dlg.cool}

Lena og Jon Ståle stilte frivillig som kjøkkenhjelp i lag med Anette og andre foreldre.

Anette, Linnea, Cathrine og Louiisa i feststemning.

Klubben vil ellers takke for gåver som er komne inn i samband med festen;-))

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716