Måndag 12. juni går Ølmedal Rundt av stabelen for 31. gong. Vindafjord Idrettslag og bygda Imsland ynskjer alle hjarteleg velkomne! Det er stor stas at VM-kongen Petter Northug kjem til oss - og nokre har førebudd seg ekstra for å ynskja Northugen velkommen:   


Kanskje tek han seg tid til å stikka oppom?

Løypa, som er ca 7 km  lang, går på asfaltert veg i lett terreng rundt Ølmedalen. På nettsida til Vindafjord idrettslag står det:
" Ølmedal Rundt er meir enn sjølve løpet. Denne dagen skal vera ein familiedag. Folk skal ha det triveleg og verkeleg få oppleve kor positivt det er å kunna vera ute i det fri og få bruke kroppen litt. Og vi må nemna mat, kaker og diverse anna ein kan få med seg i start- og målområdet.

Ølmedal Rundt er eit kvalitetsarrangement, og har i ei årrekkje hatt besøk av medlemmer av landslaga i langrenn og skiskyting og fleire av dei aller beste friidrettsløparane i landet. "

Nytt av året er eit eige barneløp for dei som er 11 år og yngre. Me gler oss!!

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716