Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Her finn du oversikt over årets turar, som er merka og tilrettelagt av Imsland Bygdekvinnelag. God tur til Trommenuten, Rindanuten og Hestskar{#emotions_dlg.smile}

 

TROMMENUTEN:

Tavla er sett opp i Skipavåg, ved gjerdeklyvaren. Følg merka løype og vidare på merka skogsveg til de finn kassen på Trommenuten. Herifrå ser du ned på "Hustoftkjerringane". Turen tek eit par timar tur/ retur.

Vi gjer merksam på at det er eit bratt stup når du kjem fram..Så ikkje send ungane i førevegen....... Men flott utsikt er det!!

RINDANUTEN:

Tavla er sett opp i Kvaløykrossen. Følg merka løype opp gamle vegen til Slettastøl. Ta til høgre ovanfor "gamletunet". Vidare på sti opp til "murane" under toppen. Følg høgdedraget til Rindanuten, der kassen er.

Alternativ nedtur er ned ytre Slettastølskaret til Slettastøl (merka).

HESTSKAR:

Tavla er sett opp I hogganvik. Følg merka skogsveg og merka løype siste etappe. Vår kasse er plassert saman med ein kommunekasse som står der frå før. Turen tek eit par timar tur/ retur.

Herifrå er det skogsveg ned til Vikedal dersom nokon ønskjer å gå ned dit. Det er også fint å ta turen til Tednavatnet.

 

Alle turane har boks med navnebok. Det blir trekt ein premie i kvar bok. I tillegg premietrekning av dei som har gått alle turane.

Vis naturvett og ta omsyn til grunneigarane og dyra deira. Lukk grinder og le o hugs bandtvang.

GOD TUR MED MOTTOET: UT PÅ TUR - ALDRI SUR.

Helsing Imsland Bygdekvinnelag

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716