Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Imsland Musikkorps vart skipa tidleg på 80-talet, og hadde på det meste meir enn 50 aktive medlemar. Då korpset vart avvikla i 1997 var det fire aktive medlemar att.
No er korpsopplæring eit av tilboda frå Vindafjord kulturskule, og ein kan merka ei aukande musikkinteresse i bygda.

Det er no valgt eit interimstyre på tre personar som skal fungera i tida fram til eit ordinert styre kjem på bana. Bodil Imsland, Torunn Imsland og Ole Johan Staurland får mellom anna ansvaret for å kalla inn til ekstraordinert årsmøte, der det skal veljast eit nytt styre.

Kjell Hustveit, Bodil Hustveit og Einar Solheim har forvalta korpset sine verdiar i åra som har gått etter at den musikalske aktiviteten tok slutt, men overlet no ansvaret til interimstyret.  

Korpset har i dag 21 medlemar. Dei yngste går i tredje klasse og dei eldste i åttende.
Musikantane er delte i to øvingsgrupper som er samla 1 time pr veke. Dirigent Inger Marie Dale presiserer at hovudtyngda av øvinga må skje heime, for speling på blåseinstrument krev ganske mykje trening dersom det skal bli kjekt.

- Eg trur ein del av musikantane har funne ut det, at litt øving kvar dag gir god framgong, seier Inger Marie.

- Eg kan godt merka på øvinga kven som har spelt heime, og musikantane merkar det og godt sjølve. Det er og viktig at foreldra er positive og legg til rette for øving heime. Framgongen til no er eg nøgd med, men både eg og foreldra må heile tida minna dei på å spela så mykje som mogleg, slik at det går lettare etter kvart.

Imsland Musikkorps har pengar på bok og instrument på lager. 
- Når det gjeld instrument, fann me mange gamle på loftet på Bygdahuset, seier Inger Marie. Nokre av kornettane måtte kasserast, og me har kjøpt inn to nye kornettar pluss ein del nye koffertar. Me har og horn inne til reparasjon.

Korpset har sagt ja til å opptre på lysmessa i kyrkja den 13.desember, og er allereie i gang med julerepertoaret.

- Eg lærer dei å spela ein del songar etter øyra, slik at dei kan utvikla eit betre gehør. Det er ikkje alltid like lett å få reine tonar på eit blåseinstrument, så øyrene må og trenast opp. Notetrening driv me parallelt med gehørtreninga, seier den engasjerte dirigenten.


 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716