Fiskeanlegget i Vågafossen har produsert smolt og yngel i 25 år, og er i dag ei livskraftig bedrift med fire faste arbeidsplassar.



Ilsvåg Bruk starta produksjon 1. mars 1986, og bedrifta har vore ein stabil arbeidsplass i Imsland i åra etterpå. Osvald Kaldheim var med under oppstarten, og eig i dag 52% av aksjane. Marine Harvest sit med resterande 48%.

Årleg omsetjing ligg på 18 – 20 millionar kroner, og anlegget har konsesjon på 2 millionar smolt.

- Me leverer smolt og yngel til Marine Harvest sine anlegg, seier dagleg leiar Knut Hustoft. - Smolten er  50 – 150 gram når me leverer han herifrå. Etter 15 månadar i sjøen har fisken vakse til 4 – 5 kilo og er slakteklar.

Knut Hustoft og Martin Aksland har vore med heilt frå starten. I tillegg har Jone Bakkedal og Ola Frøvik arbeidsplassen sin i Vågafossen.

- Me ynskjer helst lokal arbeidskraft, seier Knut. I tillegg til at me har vaktordningar med maksimum utrykningstid, er Imslandsbuen stabil arbeidskraft.

I travle periodar, til dømes ved vaksinering av fisk, leiger bedrifta inn arbeidskraft, og doblar ofte bemanninga i slike periodar. 

Og no vert det vel jubileumsfest. Korleis skal dagen markerast?

- Det har me ikkje tenkt på ennå. Me har helste travle dagar og har ikkje vore så opptekne av å feire. Men ein 25-årsmarkering, det må me vel nesten ha, ler Knut.



Foto: Vågafossen settefisk

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716