Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Det var halde soknemøte etter gudstenesta søndag 8.august for å diskutera framtida til bedehusa i Imsland. Her vart gjort følgjande vedtak:

Bedehuset ved Imslandsjøen:

Soknemøtet gir sin tilslutning til at Imslandsjøen Bedehus blir overført til Imsland sokneråd som menighetshus og som bedehus.

Eigedomsretten til bedehuset skal ikkje overførast til andre utan nytt vedtak i eit soknemøte. Dette gjeld også evt. overføring av eigarskap til kyrkjeleg felleråd eller kommune.
Dersom det blir eit felles sokneråd for Vikedal prestegjeld, skal dette soknerådet velja lokalt styre for bedehuset.

Når det gjeld bedehuset i Ølmedal var det ingen innvendingar mot at
Siste valde styre blir gitt fullmakt til å avgjera om huset skal selgjast, til kva pris, og kva salgsummen skal brukast til - eller eventuelt opprustning av huset.

Soknerådet.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716