Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


Heile bygda var engasjerte då Ølmedal Rundt gjekk av stabelen 2. pinsedag.

Løyperekord, ein verdsmeistar på besøk, strålande vårver, eit knirkefritt arrangement, masse deltakarar og publikum gjorde 2. pinsedag til ein festdag då Ølmedal Rundt vart arrangert for 23. gong.

Spreke  Imslandsbu som stilte til start vart heia fram av sambygdingar som har eit meir avslappa forhold til løpet. For dei aktive er Ølmedal Rundt ei inspirasjonskjelde for å holda seg i form. Det er kjekt for små og store å måla krefter med seg sjølve og andre.

Det var for øvrig ingen av våre lokale heltar som heldt fylgje med Urige Butha, som sette løyperekord på tida 19:44. Dei fleste av oss vil mest sannsynleg ha problem å klara denne tida, sjølv om me tek oss fram på sykkel.

Totalt deltok 154 aktive og vel 1000 trimmarar på Ølmedal Rundt 2009.

 



 





.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716