Vevstova på Krosstveit
- Detaljar
- Skriven av Bente
Aldersforskjellen er stor; Karoline (bilete) er yngst på 13 år, og Margrete på 82 år er eldst. Og det er slettes ikkje berre Imslandbu som tek turen til vevstova. Her kjem jevnleg folk frå Sauda, Sand, Vikedal og Ilsvåg.
Ein fiskeopplevelse av dei sjeldne
- Detaljar
Mathias, Emil og Lena Rønnevik var på fisketur saman med farmora, Audhild i dag.
Dei prøvde fiskelukka på flytebryggja i Skipavåg, men dei fekk diverre ikkje fisk, og tok ein matpause.
Etter ei stund skjedde det som gjorde dette til ei god fiskehistorie. Ein aure på ca 600 gr. rett og slett gjorde eit hopp, og landa oppi ein båt som ligg inntil bryggja. Flaks for dei, og uflaks for fisken.
Me trur ikkje det er mange som har opplevd liknande..
Emil, Lena og Mathias med auren som hoppa oppi båten. Flott aure.
Volleyballtrening
- Detaljar
- Skriven av Bente
Torsdag 19. august startar ein opp med volleyballtrening for damer i alle aldrar på Imsland Bygdahus. Treninga byrjar klokka 20:00 og nye og gamle spelerar er velkomne.
Triksa seg nesten til London
- Detaljar
- Skriven av Bente
Norway cup er verdas største fotballturnering. Gjennom heile turneringsveka arrangerer Statoil triksekonkurranse for å kåra den beste triksaren på sletta. Premien er mellom anna tur for to til London og billettar til kamp på Old Trafford. Helge Hummervoll spelar på Ølen G14, og var ein av fire gutar som stod att før finalen.
Vedtaka frå soknemøtet om bedehusa.
- Detaljar
Det var halde soknemøte etter gudstenesta søndag 8.august for å diskutera framtida til bedehusa i Imsland. Her vart gjort følgjande vedtak:
Imslandsbuar på Stølstreff på Eikemo
- Detaljar
Etter ei kjekk og triveleg helg på Stølstreff på Eikemo kunne Åsvald Imsland reise heim med førstepremie i staurbering, Ingunn Lise Espevold med andreplass i Åkrafjordmeisterskap i Mjølkespannkasting og Anne Karin Hustveit med tredjeplass i same grein. Det var bra syns me.
Stølstreff på Eikemo kan anbefalast, det er ei helg med god mat, dans på vollen og mykje løye.
Bedehusbasaren ved Imslandsjøen
- Detaljar
Tirsdag 20. juli var det på nytt bedehusbasar ved Imslandsjøen.
Både feriegjester og bygda folk møtte mannsterkt opp, slik at huset etter kvart vart fullsett.
Gevinstane var mange og loddsalget gjekk livleg. Overskotet vart vel kr. 16.500,-, noko som må vera ny rekord for denne tradisjonelle basaren.
Soknerådet takkar alle som bidrog med gevinstar, med kaker til kaffien, og ikkje minst takk til alle som tok lodd.
Soknerådet arbeider med planar om å setja bedehuset i brukbar stand, og pengane er eit godt bidrag til dette.