På venterommet på ferjekaien på Ropeid kan du no korte ventetida med å lese bøker av Ingvar Ambjørnsen, Arnt Birkedal, Maria Liabø og mange, mange fleire. To hyller fulle av bøker står no klare og ventar på at reisande og andre forbifarande skal ta dei i bruk.
Det er Diktarvegen saman med Landssamanslutninga av nynorskkommunar(LNK), I/S Fjordvegen og Suldal kommune som har fått sett opp desse bokhyllene, og i dag var det offisiell opning. Eit tredvetals skuleelevar hadde tatt vegen til venterommet saman med lærarane sine for å vere med på den høgtidelege opninga. Somme elevar fekk knyte opp den raude opnings-sløyfa, og somme las dikt. Saft og kake fekk dei alle.
- No er venterommet også blitt eit pusterom,konkluderte biblioteksjef Tormod Skeie i opningstala si. Ordførar i Suldal kommune, Torkel Myklebust, hadde med tre bøker i gåve, og hans draum er at dei som tar nett desse bøkene med seg ut av huset vil vere gilde og sende nokre ord tilbake for å fortelje kor boka er hen i verda.
Prosjektleiar Marny Skeie Henkel var svært nøgd med opninga og med å omsider ha fått bokhyllene på plass. Tanken om å gjere noko slik har vore der lenge, og no er ho svært glad for å ha fått kommunen og andre medspelarar med på å få realisert det. Ho kjenner ikkje til at det finst liknande venteromstilbod andre stadar i landet.
Det er Suldal folkebibliotek som har gitt bøkene som no finst i hylla, men Diktarvegen har fleire bøker på hand.
- Folk kan låne bøkene med seg og dei kan gjerne gi oss bøker også. Viss dei som blar i bøkene har lyst til å ta boka med seg og behalde ho for godt, så kan dei også det. Det blir fylt på, lovar Skeie Henkel.
Tekst og foto: Toyni Tobekk/ Norsk Plan