Elvesafari i Hustveitelva
- Detaljar
Sjå bilete fra elve-safarien under Zporty-festivalen, dette gjekk føre seg i Hustveitelva og blei leia av Bjørn Mo. Spennande tur med mange zporty deltakarar!! Bileta finn du under "Album"
Sommarstemning
- Detaljar
- Skriven av Bente
Redaksjonen i Imsland.info er i sommarmodus. Me ferierar og du vil kanskje merke at nettstaden berre blir oppdatert sporadisk. Men me vil gjerne ha tilsendt stoff: Har du noko du ynskjer me skal publisere; eit flott sommarbilete kanskje - eit godt ferietips - ein eller annan rarietet eller noko som kan interessere andre i bygda? Send det til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så legg me det inn så snart me kan.
Me vil og gjerne ha fleire med oss i redaksjonen! Ta kontakt - du får full opplæring. - Dette er ganske kjekt faktisk! God sommar alle saman;-)
Populær festival
- Detaljar
- Skriven av Bente
Omlag 8000 besøkte Rootsfestivalen i Vikedal dette året, og fekk servert ei rekkje strålande musikkopplevingar. Dubliners og Marit Larsen trekte eit par tusen tilskodarar fredagskvelden, medan omlag 4000 høyrde Jethro Tull og Minor Majority i hovudteltet laurdagskvelden. Mange hadde og funne vegen til båthamna fredag og spesielt laurdag føremiddag, der mellom andre Jonas Fjeld, Valkyrien Allstar og Tønes spelte for eit tallrikt publikum som koste seg i teltet og i sommarsola utanfor.
Meir om festivalen finn du i Grannar og i Haugesund Avis.
Rootsfrukost
Festivalsjef Kurt Inge Nybru er svært nøgd etter årets festival og seier at alt har fungert godt.
- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum på at sanitæranlegg, billettar og matservering fungerer. Spesielt populært er frukosten kvar morgon, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru til Haugesunds avis.
Det er Imsland bygdahus som syter for at festivalgjestene får ein god start på dagen. Det vert servert Rootsfrukost i båthamna fredag, laurdag og søndag medan festivalen pågår. Omlag 350 gjester nyttar seg av tilbodet, som mellom anna består av grovt brød, rundstykker, brun ost, sild, grønsaker og ikkje minst egg og bacon - så mykje du klarer å eta.
Først i verda!! Gjennomslag Vågaåna Kraftverk.
- Detaljar
Onsdag 7. juli kunne karane frå Norhard juble då borekrona kom ut i dagen. Dei hadde då bora 730 meter, stigande frå 30 gr til 50 gr, og treffpunktet var rein innartier. Les meir hjå Norhard
Boringa av øvre og lengste del av vassvegen til Vågaåna Kraftverk er eit pionerprosjekt.
Det har aldri før vore bora så langt og så bratt med denne retningsstyrte teknologien.
Det er NORHARD – "Norwegian Hard Rock Drilling" som har utvikla boreutstyret, og står for prosjektet,- på oppdrag frå Småkraft.
Dei har hatt nokre utfordringar undervegs med blant anna dårleg fjell. Men det som tok lengst tid var då borekrona kilte seg fast 550 m inne i tunnelen som har ein diameter på 70 cm. Les meir om dette HER.
Erfaringane frå dette prosjektet vil i følge Småkraft A/S bety eit skikkeleg gjennombrot for å byggje vassveg i fjell, sjølv på små prosjekt.
GRATULERA TIL NORHARD OG SMÅKRAFT!!!!
Les meir om utbyggjinga på Småkraft.no
Dagleg leiar i Norhard Askjell Tonstad og leiar for teknologiutvikling Sigurd Kjell Haughom ventar i spenning!
Ut i verda
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fire flotte ungdommar frå Imsland er ferdige med ungdomsskulen og skal venda nasen ut i den store verda. Frå hausten av skal dei skilja lag med gamle skulekammeratar og byrja på det vaksne livet. Mange er vel spente på å høyra kva Håvard, Tore, Arne Egil og Jarle skal til med i den næraste framtida. Som vanleg i denne rubrikken spør me - Kva no, gutar?
Tore Hummervoll, Håvard Ersland, Arne Egil Svortevik, Jarle Nordtveit Åsheim
Ledige tomter i Imsland
- Detaljar
Kommunen har 2 ledige byggeklare tomter i feltet i Ølmedal:
Tomt 1 har areal 1007 m2 og kostar 90 000 kroner.
Tomt 2 har areal 886 m2 og kostar 67 500 kroner.
Hærverk i båthamna
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland båtforening driv båthamna i Kvaløy og melder no at dei i lengre tid har vore plaga med hærverk og steling. Brannslukkingsapparat har vorte tømde på parkerte bilar, luft tappa or bildekk, påhengsmotorar har vorte stolne og fleire har funne båten tømt for bensin. Det er og meldt om at fortøyingar er kutta og ramponering av motorar.
- Hærverket har pågått over lang tid og me vurderer no å kontakte politiet, seier leiaren i båtforeninga, Sigmund Espevoll.
Båtforeningen er interesserte i tips og dersom du har lagt merke til noko spesielt kan du ringje Sigmund Espevoll på tlf 900 20 394 eller e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..