Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Tirsdag 20. juli var det på nytt bedehusbasar ved Imslandsjøen.
Både feriegjester og bygda folk møtte mannsterkt opp, slik at huset etter kvart vart fullsett.
Gevinstane var mange og loddsalget gjekk livleg. Overskotet vart vel kr. 16.500,-, noko som må vera ny rekord for denne tradisjonelle basaren.
Soknerådet takkar alle som bidrog med gevinstar, med kaker til kaffien, og ikkje minst takk til alle som tok lodd.

Soknerådet arbeider med planar om å setja bedehuset i brukbar stand, og pengane er eit godt bidrag til dette.




Gruppa ”Song og spel” frå Vikedal underheldt med song og musikk både før og etter kaffien.

 

Anne Marie Reimers heldt ein tankevekkjande andakt ut frå teksten om den barmhjertige samaritan og tala om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, spesielt dei nye som kjem i vår veg.
Etter kaffien fortalde Tomas Finnvik og historia til huset og staden. Huset vart bygd i 1874/75. Pådrivaren for å få huset bygd var nok handelsmann Halvor Halvorsen ved Imslandsjøen. Det var ei åndeleg vekkjing i Rogaland i dei tider, inspirert av Stavangerpresten Lars Oftedal. Rundt 1960 vart huset flytta litt mot nord for å gjera vegen breiare, og det vart påbygd og sett i den stand det er i dag. Det var Jonas Norland som stod for dette arbeidet. Han budde i bakken ovanfor Imslandsjøen.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716