Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Me ønskjer alle velkomne til å delta på opning av tursti frå Ørevikvegen til Matkroken i Kvaløy.
Tid: Torsdag 10.10.24 kl 17.00
Oppmøte: Ørevikvegen, i Kvaløy-enden
 


* Det blir klypping av snor før me går turen i samla flokk.
* Alle kan delta i naturkviss undervegs, og kanskje dukkar det opp overraskelsar langs ruta.
* På Berget kafe blir det servert gratis kaffi, saft og kaker til alle, og så blir det premieutdeling til vinnaren av kvissen.
* Om lag 18.30 vil Lars Dalen vise bilete og fortelje om plantelivet i området. Dalen har mellom anna skrive boka ‘Planteliv i Vindafjord’, og seier Kvaløy-området har ein spesielt interessant planterikdom.

Det blir sett opp skyss frå Matkroken tilbake til bilane for dei som ønskjer det, ca kl 20.00

Prosjektet er støtta av Rogaland fylkeskommune
Arr: Imsland turgruppe v/ Anne Karin og Kjell Hustveit, Marit og Arne Svandal, Linda Nordtveit, Steinar Åsheim, Terje Ersland og Bente Kjos-Wenjum

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716