Kva skjedde i Imsland i 2010?
- Detaljar
- Skriven av Bente
Lisa Marvik vart vinnar av årets "spåmann-konkurranse". Lisa hadde rett svar på 5 av spørsmåla og kan inkassere premien; julehefte, mandariner og søtsaker. Gratulerar!
Det var tett i teten, og vinnaren vart kåra ved loddtrekking mellom Gro Anita Imsland, Marianne Vanvik, Oskar, Lisa og Edvind Marvik
Skøyting på Byrkjelandsvatnet
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bilde frå Byrkjelandsvatnet laurdag 4.desember:
Jul i Imsland
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det var koseleg førjulstemning i Imsland då julagrana var tent i dag. Grendeutvalet står bak arrangementet, som har blitt eit svært populært innslag før jul.
Bra jobba Grendeutval!
Imsland TeknoLab inspirerar naboskulane
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vikedal skule ynskjer å skaffe seg TeknoLab, og har vore på Imsland skule for demonstrasjon. Les meir.
1.klassing fekk svar på flaskepost!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Mathias Rønnevik har saman med klassekameratane sine i 1. og 2. klasse skrive brev på data og sendt på fjorden som flaskepost.
I norsktimen har dei skrive brev med namn, adresse, alder og at dei håpar på svar, og etter å ha teikna fint og putta brevet på ei brusflaske, køyrde dei ned til Imslandssjøen saman med lærar Bodil Imsland og kasta flaskene på sjøen. Så var det berre å venta.
Mathias viser stolt fram brevet han fekk då han sende flaskepost. Bak står kontaktlærar Bodil Imsland.
4H trekte fullt hus
- Detaljar
- Skriven av Bente
Haustfesten er kvelden der 4H-medlemane inviterer slekt og venner, kjende og ukjende, til å komme og markere slutten på 4H-året. Utstilling av prosjekt, mat, lotteri og underholdning stod på programmet, alt i regi av medlemane sjølve. Fredag var det fullt hus på bygdahuset, og 4H-arane kan puste ut etter VEL BLÅST haustfest,-)
Oskar og Eivind studerer utstillingane. Kanskje vil dei byrje i 4H og lage utstilling sjølve neste år?
Lått og løye på 4H-øving
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fredag går 4H sitt store arrangement - HAUSTFESTEN - av stabelen, og denne veka er det øving nesten kvar dag. Innsatsvilje og godt humør pregar øvingane;-)
- Det vert eit kjekt program melder medlemane, som likevel ikkje vil røpa noko av innhaldet. - Den spenninga skal me halde fram til fredagen.
Alle er velkomne til haustfest på Bygdahuset fredag 29. oktober. Utstillingane opnar klokka 18:00 og festen byrjar klokka 19:00.
"Loftet" er snart klart til bruk
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Me satsar på intensiv arbeid dei neste 2-3 vekene for å få rommet oppe på Bygdahuset klart til bruk, seier Terje Ersland, som er initiativtakar til prosjektet.
Dersom du vil, så er du er med dette invitert til å bli med på dugnad for å få siste rest på plass.