Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Norway cup er verdas største fotballturnering. Gjennom heile turneringsveka arrangerer Statoil triksekonkurranse for å kåra den beste triksaren på sletta. Premien er mellom anna tur for to til London og billettar til kamp på Old Trafford. Helge Hummervoll spelar på Ølen G14, og var ein av fire gutar som stod att før finalen.

For å gjera det ekstra spennande vart deltakarene testa, utfordra og uroa av Stian Barsnes Simonsen, og i semifinalen var det dessverre slutt på moroa for Helge. Han røyk ut på utfordringa «Jorda rundt», eit triks han vanlegvis utfører utan problem.

Trikserekorden til Helge er 3374 – og rykta seier at det då var storebroren som spente ballen vekk....

Sjå Helge sin triksevideo: http://www.youtube.com/watch?v=RKtCYQfH08A

Deltakarane på Ølen G14 melder elles om eit strålande opphald på Ekebergsletta, der dei spelte seg til 8.delsfinalen i B-sluttspelet.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716