Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Nå er det jo slik at me ofte samanliknar år for år kor vellukka alt har vore, og me kan stort sett sei at det alltid har gått bra. Trur likevel at årets arrangement må vera toppen til nå, sjølv om me gjekk tomt for medaljar.

 

Alt klaffa 100% med tidtaking, påmeldingar, speaker og alt det andre. Me hadde topp besøk av Petter Northug, verdens aller beste skiløpar. Og Uhrige Buta, vinnaren av løpet gjorde ei kjempetid under litt tunge løpsforhold. Og alle dei andre – både trimmarar og aktive virka svært fornøgde då dei drog heimover igjen.

 

Me fekk stor og god pressedekning både i dagane før og etter. Me var direkte på to kanalar i radioen. Me har dermed fått markedsført idrettslaget, bygda og kommunen vår på ein flott måte. Og dette vil me ha igjen for dei neste åra.

Som hovedansvarleg for løpet er det rett å takka den store gjengen på bygdahuset som stor for all matservering, både ute og inne. Dette er dugnadsinnsats på sitt aller beste, og det er sterkt å håpa at bygdahuset får skikkelig igjen for innsatsen sin. Utan denne store forsamlinga hadde det  ikkje blitt noko skikkelig Ølmedal Rundt. Havresuppa frå bygdekvinnelaget var eit svært positivt innslag – Til og med Petter N smakte på suppa, og bilder vart tekne i store mengder.

For underteikna personleg er det ei lyst å arbeida saman med Imslandsbuen, og eg vil håpa at eit slikt arrangement er eit bidrag til å knytta bygdene sterkare saman også på andre område.

Eg vil takka Turid og Lasse i komiteen for kjempe hjelp heile tida, og dessutan alle i idrettslaget som har stått på heile den lange 2. Pinsedagen.

Om eitt år blir det sikkert eit nytt Ølmedal RundtLer

Lars Olav

Petter Northug kjempar seg opp siste bakken. (Foto: Peder Lundegård)

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716