Altertavla i Imsland Kyrkje
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Altertavla i kyrkja vår er nå henta av Stavanger museum for reparasjon og for nærare gransking. Tavla er heilt frå 1756 og stod i den gamle kyrkja. Ho vart måla opp att før ho vart sett opp i den nye kyrkja i 1912. Ein vil nå sjå om ein kan finna ut noko om den opprinnelege målinga. Ein veit heller ikkje kven som har måla altertavla opprinneleg, og vil prøva om ein kan koma nærare eit svar på dette.
Medan tavla er nede, har ein sett opp att den gamle krossen på alteret. Han var i bruk frå kyrkja vart bygd i 1861 fram til 1912. Tomas Finnvik hadde kjennskap til at han var lagra i kjellaren, og var med å rota han fram, vaska han og få han på plass.
Dersom ein vil sjå korleis kyrkja tok seg ut fram til 1912, må ta seg ein tur til gudstenesta nå på søndag, 3.april.
Museet har lova at vi skal få tavla på plass att før konfirmasjonen 15. mai.
Soknerådet
Vågafossen Settefisk rundar år
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vellykka søndagskafe
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det vart servert nydelege heimelaga kjøtkaker på Bygdahuset i dag, søndag 27.februar. Her er dugnadsgjengen som står bak. Takk for maten!
kallde'ka'duvil
- Detaljar
- Skriven av Bente
9.klasse ved Vikedal skule viser skulerevyen Kallde'ka'duvil
Premiere onsdag 2.mars 19:30
Ny førestilling torsdag 3. mars 19:30
Sandeid Samfunnshus
Vaksne: 150,- / Born: 100,-
Avslutning Imsland vassverk
- Detaljar
- Skriven av Bente
Styret i Imsland Vassverk markerte avslutning av vassverket og ein vellukka overføring til kommunen med ein middag på Ryfylke Fjordhotell onsdag 9. februar.
Per Bakkedal, Theodor Imsland, Sigbjørn Staurland
5. og 6.klasse på Imsland Skule vann krimkonkurranse!
- Detaljar
- Skriven av Lasse
5. og 6. klasse på Imsland skule stakk av med sigeren over 7. klasse på Skjold skule og 6. kl. på Enge skule i krimkonkurransen som Grannar stod bak.
Etter at Ingvar Moe starta denne skrivestafetten på slutten av 1989, fylgde elevane i dåverande 5. og 6. klassar ved skulane i Grannar-distriktet, opp med å forfatta dei neste kapitla.
Siste kapittel blei aldri skrive, men nå, over 20 år etter at «Mysteriet i Svartaberget» oppstod, er forteljinga avslutta.
Elevar i 6. og 7. klasse ved Enge, Imsland og Skjold skule vart trekte ut i ein konkurranse i regi av Grannar om å fullføra forteljinga.
Vinnaren blei offentleggjort under Kulturnatt i Etne laurdag 5. februar. Det var ein jury beståande av barnebokforfattar Roald Kaldestad, og bibliotekarane Guri Ravatn, Ølen og Kari Bolette Lundal, Stord som kåra vinnaren.
And the winner is: Imsland Skule, 5. og 6. klasse!!
Premien er diplom og lovord + eit forfattarbesøk i klassen.
Dette er kjempebra jobba, dei kan vera stolte over dette!
Gratulera til 5. og 6. klasse, og til norsklæraren deira Hilde Bjelland Abelseth!
Seniortreff
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det skal vera seniortreff for Vikedal og Imsland tysdag 18.januar klokka 14:00 på Bygdahuset i Vikedal.
Betasuppe, kaffi, kaker og drøs.
Lysbilde og kåseri ved Peder Lundegård
Song og musikk ved Syng og Spel
Opplesing
Loddsal og trekking
Påmelding innan 12. januar til 52760420 (Ruth) eller
93457261 (Ingebjørg).
Gratis adgang - alle er hjerteleg velkomne!
Helsing Vikedal Husmorlag
Moro med ski på beina
- Detaljar
- Skriven av Bente
Skidagen til 4H vart ein triveleg familidag med kos og moro på isen på Ølmedalsvatnet.
- Været var ikkje heilt på vår side, men det var mildt så me koste oss på isen me som møtte, seier 4H-rådgjevar Torunn Imsland.
På programmet stod ein liten felles skitur, bygging av snømann, aking, og kos rundt bålet med kakao og mandariner før dagen vart runda med ein spennende stafett under mottoet Tap og vinn med samme sinn.
Fellestur over isen