Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


I januar 2004 blei det arrangert vevkurs i det gamla skulehuset på Krosstveit. I ettertid har det vore  fast med veving kvar måndag.



Aldersforskjellen er stor; Karoline (bilete) er yngst på 13 år, og Margrete på 82 år er eldst. Og det er slettes ikkje berre Imslandbu som tek turen til vevstova. Her kjem jevnleg folk frå Sauda, Sand, Vikedal og Ilsvåg.
Dei møtes klokka 18:00, og etter 1 ½-time med veving byrjar pausen – der dei overgår einannan med godsaker;  Ei har laga vaflar og ei anna har laga kringler. Lengda på pausen varierer etter mengda på godsakene.

For å få idear til nye ting dei kan lage, reiser dei på turar og besøker andre vevstover. Dei har for eksempel vore på Sand og i Bergen for å sjå kva andre produserar. Andre ”Vevkjerringar” har også vore på besøk på Krosstveit for å få ny inspirasjon.  

I løpet av desse åra har det vorte produsert utruleg mykje flotte ting på Krosstveit:  juledukar på over 3 meter, løparar, ryer, ullteppe, puter og nydelige sjal. Det er utrulig kva dei kan trylle fram på vevane sine.

Omlag annakvart år held vevstova basar slik at dei kan dekka utgifter til straum og vedlikehald, og mange av dei flotte gevinstane vert laga på Krosstveit.  Dersom du ser lapp om basar på Krosstveit er det verd turen opp. Utanom flotte gevinstar får du god drøs og høve til å smaka heimebakst.

«Vevkjeringane» er for tida:
Sigrid Aksland, Karoline og Margrete Skogen frå Imsland, Bertha Frøland, Kari Holten Leifsen og Signy Rønnevik frå Vikedal, Marie Solheim frå Sauda, Bergit Kaldheim frå Ilsvåg og Toril Fatland frå Sand.

Har du anledning bør du ta turen opp og sjå kor mykje fint dei lagar. God stemning er det alltid! Og er du der tilfeldigvis i halv åtte tida då dei har pause spanderer dei nok både kaffi og anna godt på deg.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716