Vel blåst 17.mai-feiring
- Detaljar
- Skriven av Bente
Tradisjonell og flott feiring i Imsland med engasjerande aktivitetar for små og store. Her rundar folketoget ut på hovudvegen, med 17.mai-komiteen i spissen:
Årets konfirmantar
- Detaljar
- Skriven av Bente
Her er årets konfirmantar - glad og letta etter at samtalegudstenesta er vel overstått:
Helge Hummervoll, Bård Ersland, Sondre Kvaløy, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Anette Imsland Birkeland.
Rekneskap for Imsland vassverk for 2010.
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Kommunen overtok Imsland vassverk frå årsskiftet slik som planlagt, og
overgangen har så langt gått greit. Det nye pumpehuset blir truleg ferdig
til sommaren, og kommunen vurderer å leggja ny leidning direkte frå
pumpehuset til høgdebassenget.
Rekneskapen for vassverket for 2010 er nå klar, og kan lesast HER. Det viser
eit underskot på drifta på kr 124.493,-. I tillegg kjem kostader ført i
2011, slik at det reelle underskotet på drifta i fjor var 130.948,-.
Kostnader med det nye pumpehuset er då halde utanfor.
Dersom nokon av medlemene ynskjer utskrift av rekneskapen tilsendt, ta
kontakt med underteikna på telefon 91753446.
Theodor Imsland
Leiar
Fant sceneantrekk på Krambua
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det vart handla friskt på Krambua onsdag, då Grendeutvalet opna dørene til det gamla handelslaget i Ølmedal. Møblar, kaffikrus, kjørler, lampettar, skiutstyr med meir skifta eigar, og det var mange fornøgde fjes å sjå. Påsken i Imsland starta med strålande påskesol, uteservering, heimebakst, feriegjester og loppemarknad på Krambua.
I ein gammal koffert, full av klær og utstyr frå før-i-tida, fant Tank, vokalist i The Lucky Bullets, (nummer to frå venstre), den akkurat rette buksa for anledningen.
Inn på flott 10. plass på Sesilåmi
- Detaljar
- Skriven av Bente
- Det var eit veldig kjekt løp å gå, sjølv om føret og veret var ganske tungt. Det skifta mellom vind, regn og skodda oppe på heia. Eg har aldri gått så langt som dette, så det var ein veldig kjekk oppleving å prøve seg på 5-mila, seier Jarle Nordtveit Åsheim, etter at han har fått igjen pusten etter styrkeprøven.
Vellukka vaskedugnad!
- Detaljar
- Skriven av Nina
Då har me gjennomført ein av "vaskekveldane", og det gjekk kjempebra! Me hadde ikkje kalla inn folk "på namn" denne gongen, og me var spente på kor mange som ville koma.
Då dagen kom, var det 10 stk som møtte opp for å vera med å vaska/rydda på Bygdahuset, og dette var jo svært bra! Styret var og med denne kvelden,
så me var totalt 15personar som jobba frå halv seks til åtte.
Til slutt hadde me pause med litt mat og drikka, - det var ein nyttige og koselege kveld. Takk til alle som kom og var med !
Me fekk gjort mykje denne kvelden, men det er enno arbeid som gjenstår. Difor håpar me at det kjem ein god gjeng førstkomande tysdag 12.april kl. 17.30!
Velfortent pause!!
Påskepynt - få inspirasjon!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Thorhild Øvregård Tveit, frå Sauda, kjem og gjev inspirasjon om påskepynt på døra.
Dei som vil kan laga sin eigen krans.
Marit lagar god suppe og me serverer kaffi og kake.
Ta med kopp.
Tysdag 12. april kl 19:30 på Bygdahuset.
Alle er hjarteleg velkomne!
Imsland Bygdekvinnelag
Turtips: Myrstøl
- Detaljar
- Skriven av Bente
Myrstøl er eit flott turmål både for for små og store, med eller utan strikketøy. Start ved Tårnstølvegen (køyr til enden av bomvegen eller start ved Guri og Kjetil).
Ca 1,5 - 2 timar i lett terreng. Sist søndag var det skiføre, ca 40 cm snø i området, men den smeltar fort no så dersom du legg opp til skitur bør du ikkje utsetje det for lenge.