Teaterframsyning på Bygdahuset
- Detaljar
Torsdag 17.juni kl. 19 er det premiere på syngjespelet
"Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen".
Det er elevane ved Imsland Skule som set opp dette stykket i 2 akter, og her er både skodespel, rapping, kor- og solosong og instrumentale innslag med meir...
Me kjem attende med meir informasjon om blant anna billettpris og kafesal i pausen.
Dette blir ei kjekk framsyning, og me vil oppfordra dykk alle til å setja av denne datoen på kalenderen!
Stjernene kjem til Ølmedal
- Detaljar
Det blir altså storfint besøk i Ølmedal i helga. Frå før har Petter Northug sagt at han stiller opp, og i dag fekk Vindafjord IL påmelding frå Norges beste langdistanseløpar, Urige Buta frå Haugesund IL. Han sette nettopp ny norsk rekord på maraton, med kjempetida 2.10. og nokre sekundar. Dette er god reklame for bygda og kommunen og ikkje minst Vindafjord IL.
Og så er det kjempeflott å få respons for den store innsatsen som blir lagt ned for å få arrangementet populært og trivelig.
Kan det bli ny løyperekord igjen?
Ølmedal Rundt 2010
- Detaljar
- Skriven av Lars Olav Larsen
Det er ikkje lenge igjen til 2. pinsedag, og det er altså nok ein gong klart for Ølmedal Rundt. Kvart år sidan 1986 har løpet vore arrangert, men det var først i 1988 det tok skikkelig av. Då var det Henny som var sjefen. Sidan har det utvikla seg endå vidare, og i dag er arrangement kjent i vid omkrets i heile idrettsmiljøet.
Sidan 1997 har me lukkast i å ha ein eller fleire idrettsprofilar med i løpet kvart år. For det meste er det utøvarar innan langrenn og skiskyting, men me har også som oftast hatt besøk av nokre av landets beste fri-idrettsutøvarar.
I år er det igjen klart for storfint besøk, i det Petter Northug har bekrefta at han stiller på startstreken 2. pinsedag. Alle "kjenner" Petter Northug frå TV ruta. Få har i så ung alder nådd så langt i medaljefangst i store mesterskap. Me huskar han nå sist som olympisk mester på 5-mila i OL, og som gullvinnar i teamsprinten saman med Øystein Pettersen. Sølv på stafett og bronse i sprint er også topp prestasjonar. Vidare bar det til Falun der Petter nesten på forhånd hadde avgjort verdenscupen. For så å avslutta med ei fantastisk flott 5-mil i Kollen, der han igjen viste seg sterkast i spurten. http://www.teamnorthug.no/
Me i VIL gler oss til dagen, og håpar inderleg på at alt klaffar både med veret og arrangementet. Og me håpar å gi deltakarane, både trimmarar og aktive, valuta for startkontigenten.
Bygdahuset står for maten og serveringa ellers. Me kan lova god servering, sjølv om me ikkje kan lova Ingvar lukt av grillmat:-).
Me trur på ein stor dag, og håpar at mange finn veien til Imsland og Ølmedal.
Vindafjord Idrettslag
Stinn brakke
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det var "tjokfullt" av folk då Krambua opna dørene himmelspretten.Butikken var fyllt opp med allslags lopper, og her var noko for einkvar smak.
Lefser, potetkaker, kanelbollar og anna freistande heimebakst fekk og bein å gå på, og folk koste seg ilag inne i kafe-kroken eller på uterestauranten.
LOPPEMARKNAD med åpning av «Stien»
- Detaljar
- Skriven av Bente
Ut på tur i Vindafjord
- Detaljar
- Skriven av Bente
Vindafjord kommune har lagt ut kodeord på 9 turmål i kommunen:
Kulturstien på Bjoa, Kjellesviknutsen i Ølensvåg, Bygdarenuten i Ølen, Frierane i Vats, Hestanipen i Vikedal, Ulserhaug i Vikebygd, Haraldeidsvatn i Skjold, Sønnanåstølen i Sandeid og Fatet i Imsland.
Foto: Folksomt på Fatet siste helga i april
Årets konfirmantar
- Detaljar
- Skriven av Bente
Gratulerar med dagen til Sindre og Cathrine som vert konfirmerte søndag 2. mai.