Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Fire flotte ungdommar frå Imsland er ferdige med ungdomsskulen og skal venda nasen ut i den store verda. Frå hausten av skal dei skilja lag med gamle skulekammeratar og byrja på det vaksne livet. Mange er vel spente på å høyra kva Håvard, Tore, Arne Egil og Jarle skal til med i den næraste framtida. Som vanleg i denne rubrikken spør me - Kva no, gutar?



Tore Hummervoll, Håvard Ersland, Arne Egil Svortevik, Jarle Nordtveit Åsheim


Arne Egil Svortevik
- Eg trur eg vil bli tømrar, men eg får sjå litt etter kvart. Eg har søkt på bygg- og anleggsteknikk i Ølen og satsar på at eg kjem inn.


Håvard Ersland
- Eg har søkt musikklinja på Skeisvang, og flytter på hybel i Haugesund. Dersom eg ikkje kjem inn der, er St. Svithun videregående skule i Stavanger det andre valet. Der har eg også valt almennstudie med musikk. Eg vil studere musikk fordi det er kjekt, men eg veit ikkje enno kva eg vil bli.


Tore Hummervoll

- Eg skal gå på Ølen vidaregående skule. Første valet mitt er bygg- og anleggsteknikk. Då tek eg to år studie og eit år som lærling. Eg er ikkje hundre prosent sikker kva eg vil bli, men i dag trur eg at eg vil bli tømrar. Eg ser kva det blir til slutt. Eg har også søkt på Teknikk og industriell produksjon ved same skulen, men eg reknar med at eg kjem inn på det eg valte først.


Jarle Nordtveit Åsheim
- Etter ungdomsskulen er ferdig håpar eg å komme inn på skigymnas. Eg har søkt om plass ved Sirdal vidaregåande skule i Vest-Agder fylke. Her kan eg kombinere idrettsutdanning med toppidrett. Så det er langrenn og idrettsutdanning som er planane mine for dei neste åra.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716