Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 



Odin Imsland klypper snora og føretek den offisielle opningen av turstien.

Det var stor interesse for den nye turstien, og 104 deltakarar møtte for å delta på opningsmarsjen torsdag 10.10.24.
Turstien startar ved Ørevikvegen, i Kvaløy-enden, og går i terrenget litt ovanfor sjøen mot Notavågen og endar ved Matkroken i Kvaløy, ca 2 km frå startpunktet. Med den nye turstien er det no ein fin tur å gå frå Imslandsjøen, via Ørevikvegen og den nye stien, og ende opp på kaien i Kvaløy. Totalt lengde frå Imslandsjøen til Kvaløy er ca 4,5 km.


Imsland turgruppe har stått for ideen og arbeidet, og har fått 30 000,- frå Rogaland fylkeskommune i støtte til prosjektet. Pengane er brukte til rydding og merking av sti, nye grinder, skilt o.l. Arbeidet er ikkje heilt sluttført, og det vil komme opp turskilt der stien startar og sluttar, i tillegg til skilt med lokale stadnavn. Det er og sett av midlar til benker, og dette vil komme på plass etterkvart. Prosjektmidlane omfatta og eit opningsarrangement, der turdeltakarane fekk servert kaffi, saft og kaker på Berget kafe. Det var og stor interesse for Lars Dalen, som viste bilder og fortalde om det rike og spesielle plantelivet i området. Kvaløy-området inneheld sjeldne og utrydningstrua arter, som det er viktig å verna for framtida. 


Imsland turgruppe: Marit Svandal, Arne Svandal; Anne Karin Hustveit, Linda Nordtveit, Kjell Hustveit, Steinar Åsheim og Bente Kjos-Wenjum. I tillegg er Terje Ersland med i turgruppa.


Turgruppa er veldig glade for at elevar ved Imsland skule ville dekorere stien med steinar dei har måla og skrive små beskjedar på. 

Steintøft!!!


Snora var dekorert med 16 ulike tresortar


Fint å vandre saman:-)


Naturkvissen engasjerte store og små

Les meir om saka i Grannar: Knallstart for ny turveg

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716