Imslandsbu med X-faktor
- Detaljar
- Skriven av Bente
Torunn Rønnevik er vår lokale songstjerne. No har ho prøvd seg i X-faktor. Programmet vert sendt til hausten og då kan me sjå korleis det gjekk. Heia Torunn!
Flott junikveld for aspirantane i Hauk 4H
- Detaljar
- Skriven av Bente
Dei yngste 4H-medlemane i Hauk hadde ein fin og aktiv sommarkveld på Frønsdal aktivitetssenter i Ølen tysdag 1. juni.
Riding, kanopadling, aktivitetar, leik og grilling stod på programmet.
Jan Sverre Frønsdal driv senteret og hadde fylgjande tilbakemelding til 4H-foreldra i Imsland: Ein kjekk og godt samansveisa gjeng det er kjekt å ha besøk av. Er det ikkje flott?
Du finn bilete frå Frønsdal her.
Nå er nok eit Ølmedal Rundt gjort unna. Heile 1030 deltakarar totalt sett stilte opp.
- Detaljar
- Skriven av Lars Olav Larsen
Nå er det jo slik at me ofte samanliknar år for år kor vellukka alt har vore, og me kan stort sett sei at det alltid har gått bra. Trur likevel at årets arrangement må vera toppen til nå, sjølv om me gjekk tomt for medaljar.
Les meir: Nå er nok eit Ølmedal Rundt gjort unna. Heile 1030 deltakarar totalt sett stilte opp.
Brudeferd ved Imslandsjøen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Henning og Guro feira bryllaup i Imsland laurdag 22.mai. Her skal brudeparet førast i båt frå Imslandsjøen til Rønnevik der det vart turt bryllup.
2010 er havreår
- Detaljar
- Skriven av Bente
Imsland Bygdekvinnelag markerte havreåret med å spandera havresuppa til alle som ville ha på Ølmedal Rundt. Petter Northug var ein av mange som ville smake. Det ser ut som om han likte både bygdekvinnene i Imsland og havresuppa.
Ølmedal Rundt 25 år
- Detaljar
- Skriven av Bente
Ein strålande opplagt Petter Northug gjesta Ølmedal i dag. - Målsetjinga er å klara tida til Odd-Bjørn Hjelmeseth. Klarer eg det og ein tredjeplass er eg strålande fornøgd sa Northug før løpet.
Speaker Tor Øyvind Skeiseid i samtale med Petter Northug.
Trimturane har 20 års jubileum
- Detaljar
- Skriven av Bente
Bygdekvinnelaget har no merka årets nutaturar, som går til Hustoftstølen, Brattalandsstølen og Steinskårsfjellet.
Søndag 30.mai vert det fellestur til Hustoftstølen.