Glad dugnadsgjeng
- Detaljar
- Skriven av Bente
Arbeidet med å byggje idrettshall i Vikedal er godt i gang, og i helga var ein driftig dugnadsgjeng frå Imsland i sving.
- Planen er at hallen skal stå ferdig til våren og dugnadsgjengen gjer ein kjempejobb, seier Jan Nordtveit, som sit i byggekomiteen.
.
Henning Nordtveit, Edvind Marvik, Bjarne Rønnevik, Magne Egil Langeland, Arne Langeland, NN og Ole Johan Staurland brukte laurdagen til forskaling av ringmur til idrettshallen.
Leif Egil Olsen blei Norsk brunstbrølemeister 2010
- Detaljar
I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER
Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet...
Ifølgje dommarane skulle han eigentleg ha vore ein spissbukk, men han høyrdest meir ut som ein tolvtaggar!!
Omlag 150 personar frå ulike bygdar var innom puben, og Geir og Andre spelte god musikk som alle såg ut til å vera fornøgde med.
Imsland Bygdahus var svært fornøgde med denne trivelege kvelden!
Ny gudstenesteforordning
- Detaljar
Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsama
biskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mange
gudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.
Imsland vassverk vert kommunalt
- Detaljar
- Skriven av Bente
På ekstraordinert årsmøte i vassverket vart det i kveld vedteke at årsmøtet ynskjer at kommunen skal overta vassverket frå 01.01.2011.
27 medlemar møtte, og vedtaket var samrøystes.
Folkeleg musikk i Rogaland
- Detaljar
- Skriven av Bente
Årets konfirmantar
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 26. september vart årets konfirmantar presenterte i Imsland kyrkje. Her er dei:
Frå venstre: Anette Imsland Birkeland, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Sondre Kvaløy, Bård Ersland og sokneprest Harald Eintveit. Helge Hummervoll er og konfirmant, men var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Theodor Imsland
50 års-jubileum
- Detaljar
- Skriven av Bente
Gullkonfirmantar frå Imsland:
Frå venstre: Liv Imsland f. Rørtveit, Magne Øvregård, Ingrid Marvik f. Imsland, Kåre Rørtveit, Torhild Finnvik f. Aksland, Sigurd Hauge, Marit Gundersen f. Haugland, Egil Døske, Karin Imsland, Karstein Hustveit, Tordis Revheim f. Balle, Håkon Hustveit, Magnhild Indreland f. Åsland.
Oase i gardstunet
- Detaljar
- Skriven av Bente
Anita tok med seg lidenskapen til akvariefisk då ho flytte til Imsland. I Haugesund hadde ho 10 akvarier på det mesta. No har ho og Tore laga fiskedammar i gardstunet på Øygarden.
- Når eg skal slappa av tek eg gjerne med meg kaffikoppen og set meg her ved dammen, seier Anita.