Imsland kyrkje 150 år - jubileumsbok
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Boka som soknerådet har fått laga i samband med kyrkja sitt 150 års jubileum er nå trykt og lagt ut for salg. Ho har tittelen ”Imsland kyrkje 150 år” med undertittel ”Kyrkje og kristenliv i soknet gjennom tidene”. Soknerådet tykkjer den valde redaksjonen: Tomas Finnvik, Oddvar Haugland, Bodhild Hustveit, Theodor Imsland og Ingrid Marvik har fått til ei vakker og innhaldsrik bok, som bør finnast i alle heimar i soknet. Det vil også vera ei gild julegåve til utflytta imslandsbuar og andre.
Boka er å få kjøpt i bankane og butikkane i Imsland og Vikedal, på bokhandelen i Ølen og på kundetorget i kommunen. Ho kostar kr 300,-
Dersom det er nokon utanbygds som ikkje får tak i boka på annan måte, kan vi senda ut bok med giro i posten.
Det kjem då kr 70,- for sending i tillegg.
Ta kontakt med Theodor Imsland på tlf. 91753446 eller på e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Her kan du lesa ei bokmelding skriven av Nils Olav Østrem.
" Da damene i Imsland dro"
- Detaljar
- Skriven av Bente
Me reiser samla i frå Ropeid med båt onsdag 31.aug kl. 07.20 og heim att same dag frå Stavanger kl. 15.30 eller kl. 19.45. Ein syter sjølv for skyss til og fra Ropeid.
Denne dagen blir det kos og shopping i Stavanger med eit felles måltid. (Plass og tidspunkt for mat bestemme me på båten)
Håper så mange som mulig av damene i bygda vår frå 18 år og oppover blir med på denne sosiale turen :-)
Påmelding innan mandag 29. aug til Anette mob 932 83 945 eller Torunn mob 469 60 724
".........Ut på tur aldri sur......."
Helsing Grendautvalet
Vellukka bedehusbasar ved Imslandsjøen 14. juli
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Bedehuset vart heilt fullsett torsdagskvelden då den årlege basaren vart arrangert.
Heldigvis var det godt ver slik at folk kunne gå ut og lufta seg innimellom.
Det kom inn vel kr 21.500,- på basaren, noko som kjem vel med når taket på bedehuset må bytast.
Soknerådet vil takka alle som tok lodd og ikkje minst for alle fine gevinstane som vart levert inn.
Huset var heilt fullt i godveret
Hestanipen opp
- Detaljar
- Skriven av Lasse
15. juli 2011 arrangerer Vindafjord Idrettslag for første gong motbakkeløpet Hestanipen Opp 509.
Startpunkt er Vikedal sentrum og mål er på toppen av Hestanipen,
3,5 km og 509 høgdemeter lengre oppe.
Aktiv klasse startar kl 16, mosjon fra kl 14.
Påmelding: I Vikedal sentrum løpsdagen frå kl 13,
sms 41696681 (namn, fødselsår, mosjon/konkurranse)
e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Klikk HER for å sjå plakat.
350 000 kroner til idrettshallen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Marine Harvest gjev 350 000 kroner og er med og delfinansierer den nye idrettshallen for Imsland, Sandeid og Vikedal. Pengane kjem frå Marine Harvest-fondet, og i tildelingsbrevet står det at dei ser på realisering av storhallen som eit viktig bidrag til lokalsamfunnet, og at dei gjerne vil hjelpa til vidare på vegen.
Kriterium for tilskot:
Tiltaket skal komma flest muleg i lokalsamfunnet til gode.
Tilskotet skal ikkje brukast til driftsstøtte.
Tilskotet skal vera i ein kommune der Marine Harvest har verksemd.
Den totale kostnaden for idrettshallen ligg på omlag 16 millionar, og pengane frå Marine Harvest kjem godt med!
Innspurt i idrettshallen
- Detaljar
- Skriven av Bente
Idrettshallen er snart ferdig og no er det innspurt! Det blir ein flott hall for Imsland, Vikedal og Sandeid og no skal siste rest gjerast før sommarferien. Imsland.info vil oppfordre alle som kan til å ta ei økt i hallen i veka som kjem. Ta kontakt med Turid 990 13 494, Steinar 950 59 615 eller Jan 922 22 875 viss du har sjansen til å vera med. Her kan alle bidra!
Lyst på kanotur?
- Detaljar
- Skriven av Bente
No er kanoane klare til bruk igjen! Hauk 4H kjøpte i fjor tre kanoar som ligg ved «Stien» i Ølmedal.