Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


 

Søndag 8. september 2024, frå klokka 13.00 til 17.00, inviterer Imsland Bygdekvinnelag deg og familien din til ei spanande reise attende til vikingtida. Dette familiearrangementet er gratis og ope for alle.

Kva kan du forvente?

Kvardag og handverk: Opplev korleis vikingane levde og arbeidde. Besøkande vil få demonstrert ulike handverksteknikkar som vikingane brukte og få sjå korleis dei jobba med råvarer som tre, lær, ull og skinn. Du vil og få sjansen til å prøve nokre av teknikkane sjølv. I tillegg kan du sjekke kor treffsikker du er med pil- og boge lik dei vikingane brukte, eller du kan prøve brettspel som var vanleg på den tida, til dømes vikingsjakket Hnefatafl.

Mat på vikingvis: Matlaginga blir ei fest for sansane! Sjå og smak korleis eit heilt lam blir grilla over bål. Me kjem og til å koke suppe og steike lappar på mest muleg tradisjonelt vikingvis. Alt dette kan du kjøpe og nyte på staden så her blir muligheter for å ete seg mett både på saltmat og søtt.

Konkurransar og aktivitetar: Det blir kjekke konkurransar for både store og små, inkludert tautrekking, å halde trebøtter, og eit rebusløp med spørsmål frå vikingtida. Kven blir dagens sterkaste mann og kvinne?

Samarbeid med Haugalandsmuseet, Sogelaget og Suldal Husflidslag: Haugalandsmuseet vil halde ei digital framvising frå den aktuelle perioden, i tillegg til at dei låner oss utstyr og klær me kan bruke, medan Sogelaget hjelper oss med å knyte stadnavn og vikingfunn til lokale forhold. Me har og eit samarbeid med elevar frå vaksenopplæringa, som vil delta på gjennomføringa av vikingdagen.

Praktisk informasjon: Arrangementet finn stad søndag 8.september 2024, frå klokka 13.00 til 17.00, på skuleplassen ved Imsland skule. Det er gratis inngang, og alle er velkomne til å delta.

Kom og bli med på ein dag fylt med læring, aktivitetar og moro for heile familien! Me ser fram til å ta dykk med på ei reise attende til vikingtida.

Venleg helsing, Imsland Bygdekvinnelag

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716